Leiar for landets leiande senter innan arbeidsretta rehabilitering?
- Arbeidsgiver
- Rehabiliteringssenteret AiR AS
- Stillingstittel
- Direktør
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Fast
Då vår leiar gjennom mange år går av med pensjon søker me ny
Direktør
Me ser etter ein synleg og utviklingsorientert leiar. Du set retning og skaper entusiasme og motivasjon. Du har evne til strategisk planlegging og trivast med å møte nye menneske og miljø. Du har brei samfunnsforståing og politisk teft for å utvikle fagfeltet og senteret vidare i takt med nye utfordringar og moglegheiter. Du er ein truverdig samtalepartnar som klarar å setje agendaen både internt og eksternt. Samtidig er du ein tydeleg og god lagleiar som forstår verdien av sterke fagmiljø for å få til innovasjon og nytenking.
Fråfall frå arbeidslivet og ungt utanforskap er store samfunnsproblem. Me søkjer ein direktør som ser moglegheiter og er ei tydeleg stemme i møte med myndigheiter, verksemder og fagmiljø. Du har gode leiareigenskapar og forstår verksemda sitt ideelle verdimessige grunnlag.
AiR er eit unikt kompetansemiljø i Noreg, og kan vise til svært gode resultat innan arbeidsretta rehabilitering. AiR er eigd av partane i arbeidslivet, bedrifter, fagforeiningar og kommunar. Dette gjer AiR mange moglegheiter til å utvikle gode tenester som samfunnet treng. Ny direktør skal setje arbeidsretta rehabilitering og førebygging av ungt utanforskap på dagsorden.
God dialog med Helse Sør-Øst er viktig, det er også samspelet med kommunar, politikarar lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er ein stor fordel at ny direktør har erfaring med å jobbe med nasjonale myndigheiter og beslutningstakarar, samt politikarar på nasjonalt nivå. Stillinga medfører mykje kontakt med media.
Du vil jobbe tett med dyktige fagfolk i den daglege drifta, samtidig som samspelet med myndigheiter, samarbeidspartnarar og eigarar er avgjerande for vidare utvikling av senteret.
Me tilbyr
- Ein leiarjobb med stor påverknad og stort kontaktnett
- Mange dyktige kollegaer og eit sterkt fagmiljø
- Eit senter som set innovasjon, kvalitet og utvikling høgt
- Ein arbeidsplass som har eit godt varemerke nasjonalt og internasjonalt
- AiR kan hjelpe til med bustad
- Løn etter avtale
Ansvar og oppgåver:
- Totalansvar for AiRs resultat
- Tett dialog med nasjonale, regionale og lokale myndigheiter og beslutningstakarar
- Innovasjon og utvikling av senteret og kompetansetenesta i godt samspel med styret, leiargruppa og tilsette
- Jobbe aktivt saman med leiargruppa for å sikre gode rammeavtaler med regionale helseføretak, partnarar og andre offentlege instansar
- Bidra til eit godt innovativt arbeidsmiljø som skaper triveleg stemning, motivasjon og entusiasme
- Vera ei sterk drivkraft for drift og utvikling i tråd med AiRs verdiar og føremål
- Ha økonomisk oppfylging og kontroll
Kvalifikasjonar:
- Brei erfaring som leiar
- Kunne vise til oppnådde resultat
- Høgare utdanning
- God økonomisk forståing
- Erfaring med gjennomføring av endrings-, strategi- og utviklingsprosessar
- Evne til strategisk planlegging
Personlege eigenskapar:
- Utovervendt med evne til å representere AiR på ein framifrå måte
- Utviklingsorientert og engasjert
- Sterk relasjonsbyggar
- Analytisk, strukturert og systematisk
- Strategisk legning og evne til heilskapleg tenking
- Svært gode samarbeidsevner
- Kunne fatte vedtak og ha evne til å gjera planar om til handling
Ynskjer du ein uforpliktande prat om stillinga, ta gjerne kontakt med vår rådgjevar i Skagerak Consulting, Øyvind Drangsland på tlf. 918 32 891, styreleiar Jan Otto Risebrobakken tlf. 480 82 602 eller styremedlem Geir Riise tlf. 911 05 817. Søknad med CV registrerast i vårt digitale søknadssystem, gjerne så raskt som mogleg.
Skagerak Consulting AS er eit unikt, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Me jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skape varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Vårt arbeid er basert på ein kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og ein god porsjon sunn fornuft. Les meir om Skagerak Consulting AS her: www.skc.noFor å unngå bedrageriforsøk vil me presisere at me aldri ber om BankID-informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Rehabiliteringssenteret AiR er eit aksjeselskap med ideelt føremål, og Norges leiande innan arbeidsretta rehabilitering. Senteret er omgjeven av fantastisk natur i Rauland i Vinje kommune, og har ein klinikk i Oslo. AiR er ein institusjon i spesialisthelsetenesta. I tillegg til den kliniske verksemda, er Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering lagt til AiR. AiR er eigd av partane i arbeidslivet, fleire bedrifter, fagforeiningar og kommunar.
AiR har litt under 100 tilsette og omsette for 93 millionar kroner i 2022. Selskapet har solid økonomi, og har gjennomført betydelege investeringar i tenestetilbod og bygningar.
- Sektor
- Privat
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Haddlandsveien 20, 3864 Rauland
- Bransje
- Helse og omsorg,
- Ideelle organisasjoner
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Kontor og administrasjon




Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Øyvind Drangsland
- Stillingstittel
- Seniorrådgiver
- Telefon
- 91 83 28 91
- Nettverk
- Kontaktperson
- Jan Otto Risebrobakken
- Stillingstittel
- Styreleder
- Telefon
- 48 08 26 02