Utløpt

Klinikkoverlege ved Kvinneklinikken

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Klinikkoverlege ved Kvinneklinikken
Frist
26.06.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi søker ein framtidsretta klinikkoverlege som er opptatt av leiarskap og som ønsker å bidra til vidare utvikling av ei sentral eining i føretaket.

Kvinneklinikken har som mål at vi til ei kvar tid tilbyr pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging. For å lukkast med dette satsar vi på vidare utvikling av pasienten si helseteneste, kvalitetsarbeid, pasientsikkerheit, forsking og systematisk fagleg utvikling. Vi legg stor vekt på samarbeid med kommunane for å tilby gode, koordinerte tenester.

Vi jobbar etter visjonen om at Kvinneklinikken skal vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Vi har som mål å gje eit fagleg høgverdig tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar til kvinner i vårt nedslagsfelt.

Legane ved Kvinneklinikken er fordelt i fem seksjonar; fødeseksjon, seksjon for fostermedisin og ultralyd, seksjon for generell gynekologi, seksjon for assistert befruktning og seksjon for gynekologisk kreft. Kvinneklinikken har til saman ca. 420 tilsette, av desse er det 27 overlegar og 13 stillingar for lege i spesialisering. Som klinikkoverlege vil du ha leiaransvar for alle overlegane ved klinikken, herunder ivareta deira kompetanseutvikling. Ein av dine nære samarbeidspartar vil bli utdanningskoordinerande klinikkoverlege, som har leiaransvar for legane i spesialisering.

Det er stor vitskapleg aktivitet ved Kvinneklinkken og det er sju legar som er tilsett ved Universitetet i Bergen, ei i hovudstilling. Alle legane hos oss deltar i den kliniske undervisninga av både medisinstudentar, andre studentar og LIS. Klinikken har ca. 4700 fødslar pr år og det er stor aktivitet på alle seksjonar. Vaktsystemet er pt. firesjikta.

Kvinneklinikken flyttar inn i nye lokale i Glasbygget i november 2023. Kvinneklinikken både er og blir i endring fram til vi flyttar inn i nytt bygg og også etter. Vi har eit omfattande samarbeid med mange avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus. Glasblokkene gjer det mogeleg å tenke nytt slik at vi fortsetter vidareutviklar pasienten si helseteneste.

Vi søker ein klinikkoverlege som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid. Du er ein engasjert, ansvarleg og løysingsorientert leiar som ønsker å bidra til at Kvinneklinikken sine ressursar blir forvalta til det beste for alle pasientane våre, og for heile regionsjukehuset.

Klinikkoverlegen rapporterer til og er del av leiargruppa til klinikkdirektør ved Kvinneklinikken.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for klinikken sine overordna mål og resultat, sikre god drift gjennom å utvikle rutinar og prosessar i fellesskap med dei andre i leiargruppa
  • Medansvar for god samhandling på tvers av fagområde i og utanfor klinikken
  • Personalansvar med oppfølging og rettleiing av seksjonsoverlegar
  • Ansvar for å legge til rette for forsking, fagutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Vere ein god rollemodell i forhold til sjukehuset sin visjon, mål og verdiar
  • Medisinsk fagleg rådgivar for klinikkdirektør

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen, spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
  • Gjerne leiarerfaring og/eller -utdanning
  • Erfaring og/eller interesse innan undervisning/opplæring
  • Erfaring i kvalitet- og forbetringsarbeid
  • Forskingskompetanse som PhD og erfaring frå samarbeid med universitet og høgskular er ønskeleg
  • Kunnskap om spesialisthelsetenesta
  • Den som blir tilsett må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Fagleg sterk, engasjert og fleksibel
  • Er analytisk og strategisk med god organisasjonsforståing
  • Opptatt av å bidra til gode løysingar med eit overordna perspektiv
  • Er fleksibel i forhold til oppgåver og strukturert i forhold til innhald
  • Har fokus på å skape og å bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • Evne å ta avgjerder og gjennomføre dei
  • Opptatt av å gjere leiarane gode
  • God på samarbeid, og på tvers av faggrenser
  • God i formidling
  • Har ei involverande arbeidsform
  • Er resultatorientert og tar avgjerder til det beste for heile klinikken

Vi tilbyr

  • Ein unik mogelegheit for å vere med på å utvikle og følge opp morgondagens helseteneste i eit variert og breitt fagmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Spesiallege,
Lege / Overlege

Nøkkelord

Klinikkoverlege,, kvinneklinikken

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Susanne Albrechtsen
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
55 97 66 53
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 306181628
Sist endret 7. jun. 2023 12:46

Rapporter annonse