Utløpt

Seksjonsleiar sengesentral

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsleiar sengesentral
Frist
20.06.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi søker etter ein positiv, proaktiv og dyktig leiar som har ansvar for drift og utvikling av sengesentralen ved Haukeland universitessjukehus

Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Helse Bergen HF har behov for. Einiga med ca 340 medarbeidarar er inndelt i åtte seksjonar og har ein stab med fagansvarleg samt to konsulentar. Ein av seksjonane har ansvar for sengesentralen og eit internt vaskeri som ligg under Hospitaldrift reinhald.

Drift av sengesentralen inngår i ein internserviceseksjon som har til hovudoppgåve å levere reine senger til sjukehuset. Seksjonen har ca 20 årsverk der dei fleste arbeider i 2-skift turnus på dag, kveld og helg. Sengene blir reingjort maskinelt med nokre unntak. Vi er i gang med ein stor anskaffing for utskifting av sengevaskmaskinar og ny seksjonsleiar vil spele ei sentral rolle i denne prosessen.

Sjukehussektoren står framfor store krav til endring og det blir kontinuerleg gjennomført prosjekt og program innan digitalisering, organisasjonsutvikling og utbygging som medfører driftsomleggingar for sjukehuset. Sjukehuset har ein omfattande og kompleks logistikk og fagområdet har auka fokus. Føretaket brukar SAP som logistikksystem og det er fokus på felles standardar, arbeidsprosessar og arbeidsfordeling.

Som seksjonsleiar vil du få gode moglegheiter for å utvikle seksjonen, dine medarbeidarar og deg sjølv og du kan bidra til å gjere kvardagen enklare for pasientar og andre tilsette ved sjukehuset. Du er sentral i arbeidet med forbetring av prosessar og logistikk saman med brukarklinikkane våre og dei samarbeidande seksjonane. Vi søker en leiar som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt miljø for forbetring og teamarbeid. Stillinga rapporterer til leiar for Hospitaldrift Reinhald og inngår i leiargruppa for eininga.

Arbeidsoppgåver

  • Leie, organisere og vidareutvikle arbeidet ved seksjonen
  • Personal- og økonomiansvar
  • Ansvar for ressursstyring, bemanning og arbeidsplanar i eigen seksjon
  • Sikre opplæring, motivasjon og fagleg utvikling av medarbeidarane
  • Sikre god kommunikasjon med brukarane av tenestene
  • Bidra til eit godt felles arbeidsmiljø for alle dei tilsette ved seksjonen
  • Delta i eininga si leiargruppe og medverke til godt samarbeid på tvers i eininga

Kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring, gjerne frå større organisasjonar
  • Høgskule-/universitesutdanning med særleg vekt på logistikk, prosesss og leiing
  • Erfaring med arbeid innan produksjon, logistikk, gjerne med oppfølging av kundar og sluttbrukarar
  • God IKT forståing og god erfaring i bruk av IKT verktøy
  • God analyseforståing og erfaring i bruk av analyseverktøy og styringsdata
  • Erfaring med bruk av aktivitet- og styringsdata for å definere bemanningsbehov og planlegge turnus er ein fordel
  • Erfaring og interesse for endrings- og forbetringsprosessar
  • Kjennskap til sjukehusdrift er ein fordel
  • God skrifteleg og munnleg framstillingsvene

Personlege eigenskapar

  • Vi søker ein person som er ein viktig ressurs i prosessar og forbetringsarbeid
  • Du er og opptatt av samarbeid, har ein inkluderande stil, kommuniserer tydeleg, skapar gode relasjonar og bygger tillit
  • Du er handlekraftig og arbeider målretta og strukturert
  • Du er god på prioritering og delegering og trivast med høg arbeidstempo
  • Du er ein person som jobbar godt i team for å sikre heile leveransen

Vi tilbyr

  • Du vil inngå i ei avdeling med kompetente medarbeidarar, der vi legg vekt på at alle hjelper kvarandre, deler kunnskap og tar ansvar for gjennomføring av oppgåver
  • Eit godt arbidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar og kollegaer
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Logistikk og lager,
Renhold

Nøkkelord

Seksjonsleiar,, seksjonsleder,, sengesentral,, Hospitaldrift,, sykehus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Katrine Lefdalsnes
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
55 97 21 05
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 305317361
Sist endret 30. mai 2023 11:43

Rapporter annonse