Seksjonsleiar
- Arbeidsgiver
- Helse Førde
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Frist
- 09.07.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) er ei fellesavdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og på Nordfjordeid. LMBB er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.
Helse Førde er godt i gang med å bygge Nye Førde sjukehus, og laboratoriet har i samband med dette nyleg gjennomgått ei større ombygging. Med våre framtidsretta lokaler med moderne analyseinstrument, pågåande installasjon av automasjonsløysing og tette samarbeid med andre laboratorium i Helse Førde, går vi inn i ein spennande periode med mål om å auke kvaliteten på tenestene vi levere.
Personalet i avdelinga har høg kompetanse og består i hovudsak av bioingeniørar, men og av helsesekretærar, overlegar og sjukepleiar. Avdelinga har i dag eit godt kvalitetsstyringssystem og tilhøyrande kompetanse, og har eit mål om å søkje akkreditering for våre tenester innan 2025.
Stillinga som seksjonsleiar vil innehalde mykje personal-, rekruttering- og utviklingsarbeid i seksjonen.
Vi søkjer deg som kunne tenke seg å bli den nye seksjonsleiaren ved LMBB i Førde. Du er ein tydeleg, handlekraftig og positiv leiar, som er flink til å koordinere og følgje opp prosessar. Ei erfaren leiargruppe står klar til å hjelpe deg, men har og forventningar om at du er ein pådrivar i både faget og kvalitetsarbeid i avdelinga. Du kan ta til i stillinga 21.08.2023, eller etter avtale. Skulle du ha spørsmål om stillinga må du gjerne ta kontakt. Bli med oss i LMBB.
Førde sentralsjukehus ligg i Vestland fylke, Sunnfjord kommune. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområde.
Les meir om Helse Førde og Sunnfjord kommune.
Arbeidsoppgåver
- Har det daglege driftsansvaret av seksjonen
- Skal styre og utvikle seksjonen innan fag-, kvalitet - og personalområdet
- Budsjettansvar og økonomioppfølging
- Samarbeide med dei andre seksjonsleiarane med planar og målsetningar i avdelinga
- Seksjonsleiar er stedfortredar for avdelingssjef
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør eller anna relevant utdanning frå høgskule /universitetsnivå
- Fordel med erfaring frå medisinske laboratorium
- Erfaring/utdanning innan leiing blir vektlagt
- God IKT kunnskap
- Må meistre godt norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull, nøyaktig og strukturert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å motivere medarbeidarar til utvikling og endring
- Nytenkjande, løysingsorientert og endringsvillig
- Interesse for kvalitets- og forbetringsarbeid
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Spennande og ansvarfulle oppgåver
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Høgt fagleg nivå
- Opplæring/leiarutvikling
Mangfaldserklæring
Helse Førde HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Bioingeniør,
- Ledelse
Nøkkelord
leder, seksjonsleder, leiar
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Robin-Andre Sørland
- Stillingstittel
- Avdelingssjef
- Telefon
- 918 25 148