Ynskjer du å leie eit spennande og tradisjonsrikt selskap inn i framtida?
- Arbeidsgiver
- Byrået Design & Profilering AS
- Stillingstittel
- Dagleg leiar
- Frist
- 19.06.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Byrået Design & Profilering AS har røter attende til midten av 80-talet og har lange tradisjonar innan grafisk produksjon, utsmykking og profilering.
Selskapet vart etablert i 2002 og er i dag Sunnhordlands største og mest komplette grafiske produksjonsbedrift.
I dag teljer bedrifta 16 ansatte og omsette i 2022 for 21 mill.
Kvalitet og service, og ikkje minst godt humør, er dei viktigaste berebjelkane i vår bedriftskultur.
I hovudsak leverer me våre produkt og tenester i heile regionen, mellom Bergen og Stavanger. Gjennom medlemskap i store bransjenettverk som Skiltgruppen og Gosh! leverer vi og våre produkt og tenester over heile landet.
Med to sterke fagmiljø med erfaring tilbake til 1980-talet er selskapet spesialistar i alt frå industrimerking og skiltproduksjon til optimalisering i digitale kanalar. Våre spesialister jobbar i felleskap i eit kreativt miljø med mål om å skapa begeistring og resultat.
På vegne av Byrået Design & Profilering AS søker vi ny dagleg leiar
Som ny dagleg leiar hos Byrået Design & Profilering AS vil du jobbe i ein svært spennande region i sterk utvikling og vekst. Du vil jobbe med dei store og sterke bedriftene, på same tid vere tett på dei små tradisjonsrike- og nye gründerbedrifter. Regionen byr på det meste!
Byrået treng ein tydeleg leiar som evner å ta selskapet inn i framtida, sjå potensiale og samtidig ta vare på kjerneverksemda.
Arbeidsoppgåver
For ny dagleg leiar vert det særs viktig å evna å utvikle bedrifta, sjå potensiale i marknaden, produkta og kompetansen i bedrifta.
I tillegg skal dagleg leiar:
- Byggje laget og leie i same retning
- Dagleg drift og leiing
- Overordna økonomiansvar
- Arbeida tett saman med økonomi og adm. medarbeidar
- Nysal og ivaretaking av eksisterande kunder
- Byggje nettverk
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- Leiarerfaring/ kompetanse
- God økonomi og forretningsforståing
- Digital kommpetanse
- Erfaring frå forretningsutvikling, marknadsføring og sal
- Initiativrik, positiv og ryddig
Me ynskjer at ny dagleg leiar kan kommunisera godt og evna å byggje gode relasjonar internt og eksternt.
Me kan tilby deg ei utfordrande og spanande stilling kor du vil arbeida tett med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil leia ei sterk bedrift med lange tradisjonar og godt omdømme.
Byrået treng ein leiar og ein entreprenør som ynskjer å ta selskapet inn i framtida!
Arbeidsstad: Hatlandsmyro 11, 5412 Stord
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med rådgjevar i Adecco Select, Nina Østensjø på nina.ostensjo@adecco.no / mobil: 926 60 776
Søknadsfrist: 19. juni
Om arbeidsgiveren
Byrået Design & Profilering AS har røter attende til midten av 80-talet og har lange tradisjonar innan grafisk produksjon, utsmykking og profilering.
Selskapet vart etablert i 2002 og er i dag Sunnhordlands største og mest komplette grafiske produksjonsbedrift.
I dag teljer bedrifta 16 ansatte og omsette i 2022 for 21 mill.
Kvalitet og service, og ikkje minst godt humør, er dei viktigaste berebjelkane i vår bedriftskultur.
I hovudsak leverer me våre produkt og tenester i heile regionen, mellom Bergen og Stavanger. Gjennom medlemskap i store bransjenettverk som Skiltgruppen og Gosh! leverer vi og våre produkt og tenester over heile landet.
Med to sterke fagmiljø med erfaring tilbake til 1980-talet er selskapet spesialistar i alt frå industrimerking og skiltproduksjon til optimalisering i digitale kanalar. Våre spesialister jobbar i felleskap i eit kreativt miljø med mål om å skapa begeistring og resultat.
- Sektor
- Privat
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Hatlandsmyro 11, 5412 Stord
- Flere arbeidssteder
- 5535 Haugesund,
- 5550 Sveio,
- 5430 Bremnes,
- 5419 Fitjar
- Bransje
- Medie- og innholdsproduksjon,
- Forlag og trykkeri,
- Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Design / Grafisk,
- Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
ledelse, administasjon, økonomi, utvikling, markedsføring


Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Nina Østensjø
- Stillingstittel
- Rådgiver Haugesund
- Telefon
- 926 60 776