Utløpt

Haram kommune

Arbeidsgiver
Haram kommune
Stillingstittel
HR-sjef
Frist
11.06.2023
Ansettelsesform
Fast

Haram kommune - Vil du være med å bygge ein ny kommune?

Frå 01.01.2024 blir Ålesund kommune delt i to, og Haram blir eigen kommune. Vi søkjer ein HR-sjef med god innsikt, forståing og interesse for samspelet

mellom politikk, fag og administrasjon.

Du vil på vegne kommunedirektøren ha eit overordna fagleg ansvar for kommunen som arbeidsgjevar frå A til Å innan HR-feltet. 

Du er modig og har evne til å handtere høgt arbeidspress og meistre komplekse oppgåver. Du har god system- og rolleforståelse, du er nysgjerrig og opptatt av læring og utvikling, og du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit.

Gode heilskaplege tenester er i fokus. Ein vil ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og jobbe på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.

Vi tilbyr stort handlingsrom i ein ambisiøs kommune der du får kombinert strategiske eigenskapar med operative ferdigheiter. Stillinga gir utfordrande oppgåver i ein organisasjon som skal byggast, med stort potensial og kompetente medarbeidarar.

Haram er ein nyoppretta kommune og vil samarbeide tett med noverande Ålesund kommune i prosjektfasen, i delprosjekt for kommunedelinga - HR. Du vil her få medverke til korleis den nye kommunen best kan løyse sine oppgåver, og du vil få naudsynte fullmakter til å gjere bestemmingar innan for fagområdet på vegne av kommunedirektøren i Haram.

Arbeidsstad vil være tenestehuset i Brattvåg, men i prosjektfasen fram til 31.12.23 må også noko arbeid i Ålesund sentrum påreknast.

Du blir tilsett i noverande Ålesund kommune og vil frå 01.01.24 gå inn i stilling i Haram kommune. 

Stillinga er plassert i kommunedirektøren sin stab, og du vil arbeide tett i lag med øvrige stab– og fagtenester i Haram. Det er to dedikerte ressursar knytt til HR.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle strategiar og operative styringsmål innan for HR-feltet
  • Tariff og forhandlingsansvarleg
  • Ansvarleg for rekrutteringbistand, system for onboarding og offboarding, sakshandsaming av personalsaker
  • Støtte til øvste leiing og tenesteleiarar i utøving av arbeidsgjevarrolla- og ansvaret
  • Utvikle og ivareta naudsynt dokumentering , rutinar og prosessar innan for HR-feltet; herunder personalhandbok
  • Overordna fagleg ansvar for HMS og IA-arbeid
  • Ansvarleg for sekretærfunksjonar for politiske og partsamansette utval, som tildømes: AMU, IA-utval, administrasjonsutval, forhandlingsutval, kontaktutval etc.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, helst på masternivå innan fagområde. Lengre relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Relevant leiarerfaring er ein fordel

Personlege eigenskapar

Vi søker primært ein lagspelar som:

  • Har gode samarbeidsevne 
  • Har oversikt og er god til å planlegge
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å løyse komplekse problemstillingar
  • Er løysingsorientert og sjølvstendig

Personleg eignaheit vert særskilt vektlagt

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr stort handlingsrom i ein ambisiøs kommune der du får kombinert strategiske eigenskapar med operative ferdigheiter.
  • Stillinga gir utfordrande oppgåver i ein organisasjon som skal byggast, med stort potensial og kompetente kollegaer.
  • Løn etter avtale. Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP.
  • Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg

HR-sjef stillinga vil være unnateke AML sine bestemmingar om arbeidstid, for særleg uavhengig stilling, jamfør HTA kapittel 1, §5.1.2. Det vil bli gitt kompensasjon etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 blir Haram eigen kommune frå 1. januar 2024 med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund. Kommunen vil ha om lag 9300 innbyggjarar. Haram var før samanslåinga ein av fylket sine viktigaste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.

Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen var i industrien ved samanslåinga i 2020. I tillegg til industrien, har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Haram er og ei stor fiskerikommune.

Kommunen har eit rikt idretts – og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.

Brattvåg er kommunesenter, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Ledelse,
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Petter Sortevik
Stillingstittel
Stabssjef Haram kommune
Mobil
95 47 94 74
Følg firma
112 følger dette firmaet

Strandgata 40, 6270 Brattvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 304718418
Sist endret 7. jul. 2023 11:08

Rapporter annonse