Barnehagesjef
Hå kommune
- Frist 21.6.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du trygg og framoverlent, synleg for dei du leiar og har ein varm og tydeleg leiarstil?
Hå kommune søkjer ein driftig og dyktig barnehagesjef. Barnehagesjef rapporterer til kommunalsjef i tenesteområde for opplæring og kultur. I Hå er det 14 kommunale og 3 private barnehagar.
Kvalifikasjonar
Du har høgare utdanning frå universitet/høgskule og leiarerfaring frå offentleg sektor. Du har brei kunnskap om barnehagefeltet og det er ønskjeleg at du har leiarutdanning. Du har gode samarbeids- og leiareigenskaper, kan syne til målretta og systematisk innsats, samt erfaring med resultatorientert utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere overordna strategisk planlegging og fagleg utviklingsarbeid. Ein del av utviklingsarbeidet vil skje i nært samarbeid med resten av leiargruppa i opplæring og kultur og på tvers saman med resten av organisasjonen. Du vil få direkte leiaransvar for mellom anna 14 styrarar og 2 rådgjevarar. Barnehagesjefen har ansvaret for budsjettoppfølging og resultat innan sitt område, og skal bidra med saksutgreiing for å utforma administrative planar og saker for politiske utval. Du har ansvar for å utarbeide kvalitetsplan for barnehage og barnehagebruksplan. Barnehagesjef sit i kommunalsjefen si leiargruppe saman med, barn og familiesjef, skulesjef og kultursjef.
Politiattest
Politiattest nyare enn 3 månadar må vera levert før oppstart.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 304717638
- Sist endret
