Utløpt

Vil du vere med på å utvikle eit framtidsretta lokalsamfunn?

Arbeidsgiver
Fjord kommune
Stillingstittel
Kommunedirektør
Frist
14.06.2023
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer ein samfunnsengasjert og samlande leiar som kan kombinere eit tydeleg og strategisk leiarskap med handlekraft og tydeleg mål- og resultatstyring. Du viser god rolleforståing og er oppteken av kommunen si rolle som samfunnsutviklar. Som leiar er du ein kulturbyggar som skaper stoltheit, motivasjon og tryggleik i organisasjonen.

Fjord kommune skal vere ein best mogleg stad å bu, arbeide og besøke. Derfor er utvikling og nytenking viktige verdiar for kommunen.

Sentrale arbeidsoppgåver for kommunedirektør vil vere:

  • tilrettelegge for god og effektiv tenesteproduksjon i nært samarbeid med politisk leiing
  • effektiv drift og god økonomisk styring som sikrar driftsbalanse og eit økonomisk handlingsrom
  • etablere gode relasjonar med tilsette, politikarar, innbyggarar samt organisasjons- og næringsliv i kommunen og regionen
  • sikre at kommunen til ei kvar tid har riktig organisering og fagleg kompetanse i organisasjonen tilpassa arbeidsoppgåvene
  • ha fokus på målstyring og resultatoppfølging og gjennomfører gode planprosessar med fokus på heilskapleg styring og forpliktande resultatdialog
  • vere bindeleddet mellom det politiske og administrative systemet og ein god støttespelar som har mot til å delegere og gi medarbeidarane rom til å handle

Kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som har brei leiarerfaring og som er van med å stå i endrings- og utviklingsarbeid. Du har høgare relevant utdanning og solid økonomiforståing. Gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid vil bli vektlagt. Du viser god forståing for rolledeling mellom administrativ og politisk styring, og har god innsikt i offentleg forvaltning. Som leiar er du kjent for å vere ein lyttande lagspelar og har ein motiverande og tydeleg leiarstil. Du likar utfordringar, er god til å tenkje nytt og er ikkje redd for endringar.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr:
Ei utfordrande og spennande leiarstilling, der du saman med dyktige medarbeidarar vil få ei sentral rolle i kommunen sin vidare utvikling. Vi byr på flott natur med høge fjell og djupe fjordar som du kan utforske til sjøs, til fots eller på ski. Vi byr også på idylliske grender med hyggelege aktivitetar for familiar og andre som ønskjer eit rolegare tempo.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarane kan offentleggjerast sjølv om det er bede om konfidensiell behandling. Søkjarane vert i tilfelle varsla på førehand om dette.

For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte våre rådgjevarar i Headvisor, Kirsti Kalseth Sjøhaug, tlf. 977 31 680 / Per Jorem, tlf. 400 21 560, eller ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, tlf. 970 15 014. Søknadsfrist er 14. juni 2023, men vi ønskjer gjerne at du melder di interesse i god tid før fristen går ut.

Om arbeidsgiveren

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Du kan lese meir om kommunen vår på: https://opplevfjord.no/

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Olavsgata 10, 6210 Valldal
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Forretningsutvikling og strategi,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Tjenesteproduksjon, Økonomistyring, Relasjonsbygger, Målstyring, Resultatoppfølging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kirsti Kalseth Sjøhaug
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
97 73 16 80
Kontaktperson
Per Jorem
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
40 02 15 60
Følg firma
2316 følger dette firmaet

Olavsgata 10, 6210 Valldal

Annonseinformasjon

FINN-kode 303385538
Sist endret 15. jun. 2023 00:10

Rapporter annonse