Utløpt

Butikksjef

Arbeidsgiver
Vinmonopolet
Stillingstittel
Butikksjef
Frist
04.06.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med A/S Vinmonopolet
Til vår butikk i Førde søker vi

SERVICEINNSTILT, INSPIRERANDE OG RESULTATORIENTERT BUTIKKSJEF

I Vinmonopolet er vi opptatt av det beste kundemøtet. Våre tilsette skal vere kjende for høg kompetanse og god service.

Vi ser etter ein leiar som er lidenskapelig opptatt av kundeservice, og som har evne til å utvikle og inspirere sine medarbeidarar. Saman skal de skape gode resultat i eit raust, solid og dynamisk arbeidsmiljø.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Utdanning og kompetanse innan økonomi, service og leiing
  • God digital kompetanse
  • Resultatorientert, med god forretningsforståing og gjerne erfaring frå butikkdrift
  • Utprega god på planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåver og aktivitetar i tråd med butikken og selskapet sine strategiar og målsettingar
  • Erfaring med leiing og utvikling av team
  • Levande opptatt av kundeservice og det å gi det aller beste kundemøtet
  • Sterk lagspelar og relasjonsbyggar med gode kommunikasjonsevner

Vi stiller høge krav til leiarane våre, og du må kunne kjenne deg igjen i leiarprinsippa våre: inspirere og involvere, balansere, utvikle og utfordre.

Dersom du i tillegg er interessert i mat og drikke, og med iver etter å lære meir, kan dette vere stillinga for deg.


Hovedoppgåver:
  • Drift og vidareutvikling av butikken i tråd med gjeldande retningslinjer
  • Sikre at butikken leverer i samsvar med Vinmonopolet sitt samfunnsoppdrag, strategi og målsetting, slik at Vinmonopolet held fram med å vere landet sin leiande faghandel
  • Tillitsbasert og støttande leiing basert på leiarprinsippa og verdigrunnlaget vårt
  • Faglig og personlig opplæring og kompetanseutvikling av personalet
  • Kontinuerlig utvikling av eige leiarskap, slik at våre tilsette trivest og utviklar seg i eit solid, godt og lærande arbeidsmiljø

Vi tilbyr:
  • Ein spennande og viktig jobb i samarbeid med serviceinnstilte kolleger med høg kompetanse
  • Vi prioriterer opplæring og utvikling av våre tilsette, og vi legg til rette for varefaglig og personlig utvikling
  • Konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Vinmonopolet har som mål å vere leiande faghandel og Norge sin beste arbeidsplass. Dette skal vi oppnå mellom anna ved å gi dei beste kundemøta, sikre effektiv drift og skape arbeidsplassar med god trivsel. Vi er stolte over at vi toppa Norsk Kundebarometer i 2020.

I Vinmonopolet er det eit mål å oppnå balansert samansetning i høve til alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn.

Les meir om personvern i Vinmonopolet her: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern)

Kontakt distriktssjef Fredrik Dahl Amundsen på telefon 482 11 155 om du vil vite meir om stillinga.

Søknad med CV blir å sende elektronisk via lenke på denne sida (Søk stillinga).
Søknadsfrist: 4 juni 2023

Har du problem med å sende elektronisk søknad, ta kontakt med Jobbnorge sin kundeservice tlf. 75 54 22 20. Vitnemål og attestar blir å ta med til eit eventuelt intervju.


Om arbeidsgiveren

Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol, med einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl med over 4,7 prosent alkohol. Vi har om lag 2 000 stolte, engasjerte og dyktige tilsette fordelte på rundt 340 butikkar over heile landet i tillegg til kundesenter, netthandel og administrasjon. Vinmonopolet er verdas største vinbutikk, med fleire enn 30 000 produkt frå heile verda i sortimentet.

I 2021 omsette vi for 21,7 milliardar kroner.
Vi skal halde fram med å gi Noregs beste kundemøte, prega av fagkunnskap, service og ansvarlegheit. Verdiane vi bruker for å nå dit, er at vi skal vere rause, solide og dynamiske.
 

 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Handelshuset, Naustdalsv. 4, 6800 Førde
Bransje
Butikk og varehandel
Stillingsfunksjon
Butikksjef
Følg firma
2718 følger dette firmaet

Handelshuset, Naustdalsv. 4, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 301928142
Sist endret 5. mai 2023 12:31

Rapporter annonse