Utløpt

100% stilling som driftsleiar for vaktmeistertenesta

Arbeidsgiver
Skjåk kommune
Stillingstittel
Driftsleder
Frist
04.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Skjåk kommune har ledig stilling som driftsleiar for vaktmeistertenesta frå månadsskifte august/september 2024.

Som leiar vil du ha ansvar for avdelinga som i dag består av 5 tilsette. Du vil ha eit overordna ansvar for drift og vedlikehald, og du vil styre og koordinere dei tilsette sine arbeidsoppgåver på tvers av bygg og tenesteområde. Stillinga inneber også aktiv deltaking i avdelinga sine daglege oppgåver.

Tenesta er ansvarleg for drift og vedlikehald av kommunen sine bygg og eigedomar. I tillegg bistår avdelinga helsetenestene med hjelpemiddel. Bygningsmassen omfattar administrasjonsbygg, skular, barnehagar, sjukeheim/omsorgsbustader, idrettshall, symjebasseng og leilegheiter, med eit samla areal på om lag 22.000 m^2.

Du vil bli ein del av leiarteamet i teneste områda teknisk drift og VA, der vaktmeistertenesta spelar ei viktig rolle.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing, organisering og utvikling av vaktmeistertenesta
  • Ivareta helse, miljø og sikkerheit (HMS) innan eige ansvarsområde
  • Drift og vedlikehald av kommunale bygg, anlegg og eigedomar
  • Oppfølging av mindre prosjekt knytt til drift og vedlikehald
  • Struktur og rutinar knytt til internkontroll
  • Pådrivar for digitale løysingar
  • Oppfølging av brannvern i kommunale bygg
  • Deltaking i daglege vaktmeisteroppgåver
  • Oppfølgingsansvar for fag og personal

Du må rekne med at ansvaret og arbeidsoppgåvene vil endre seg med utviklinga av stillinga og tenesteområdet. Som tilsett i teknisk drift kan du bli spurt om å delta i vaktordninga for teknisk vakt.

Kvalifikasjonar

  • Relevant leiarerfaring
  • Teknisk fagskule / relevant fagbrev innan til dømes byggdrift eller elektro
  • Realkompetanse / allsidig erfaring kan erstatte utdanningskrav
  • Gode digitale ferdigheiter og erfaring med dagleg bruk av IKT-baserte system
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg
  • Førarkort kl. B

 Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å leie, motivere og planlegge
  • Du er god til å løyse problem, ser det store biletet og tar raskt til deg ny kunnskap
  • Trivst med dagleg bruk av IKT-baserte system
  • Er positiv og entusiastisk og god til å tilpasse deg endringar
  • Kommuniserer godt med både kollegaer og brukarar. Skaper gode relasjonar både internt og eksternt
  • Du er villig til å bidra ekstra når det krevst
  • Alle våre tilsette må ha fokus på kvalitet og ha ei bevisst haldning til helse, miljø og sikkerheit

 Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

 Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

 Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter? Nå kan du prøvebu i Skjåk. Skjåk kommune har bustadar som ein kan leige/prøvebu i. Klikk på lenka for meir informasjon.

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med tenesteleiar teknisk drift, Bernt Dahl, mobil 45 31 33 01 / bernt.dahl@skjaak.kommune.no               

Er dette noko for deg? Send inn søknad ved å bruke elektronisk søknadsskjema.

 Søknadsfrist 4. april 2024

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

 Kommunedirektøren

Om arbeidsgiveren

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Ledelse,
Teknisk personell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

driftsleder, vaktmester, Byggdrifter

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bernt Dahl
Stillingstittel
Tenesteleiar teknisk drift
Mobil
45 31 33 01
Følg firma
3 følger dette firmaet

Moavegen 30, 2690 Skjåk

Annonseinformasjon

FINN-kode 300424490
Sist endret 26. apr. 2024 16:16

Rapporter annonse