Elvetun barnehage AS søker fagleg engasjert pedagogisk leiar og pedagogisk medarbeidar.
- Arbeidsgiver
- Elvetun barnehage AS
- Stillingstittel
- Pedagogisk Leder og pedagogisk medarbeidar.
- Frist
- 24.05.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Vi treng fleire medarbeidarar til barnehagen vår frå august 2023. Er du ein person som liker deg både ute og inne i kvardagen, og synest det å jobbe med barn er den beste jobben for deg? Då håper vi du søker hos oss!
Merk søknaden med kva stilling du søker på:
· Pedagogisk leiar
· Pedagogisk medarbeidar
Vi får ei utegruppe på plass hos oss frå august 2023 og trenger difor pedagogisk leiar og pedagogisk medarbeidar til våre to andre avdelingar, Flo og Fjære.
Vi har to pedagogar som leiarar på våre avdelingar. Du vil difor vere i team med dyktige kollegar som har barna og barnehagen sin utvikling som engasjement. Vår visjon "Eit hav av opplevingar" seier noko om korleis vi ynskjer at kvardagen til både små og store skal vere her hos oss. Lurer du meir på korleis vi jobber i barnehagen vår, så sjekk ut www.elvetunbarnehage.no for meir informasjon.
Kvalifikasjonar:
Utdanna barnehagelærar/ barne og ungdomsarbeidar
Erfaring frå barnehage er ynskjeleg
Vere ein aktiv voksen som ser, lyttar og bryr deg om barna.
Personlege eigenskapar:
Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
Fagleg engasjement
Stor arbeidskapasitet
Stort engasjement og positiv haldning
Initiativrik og løysningsorientert.
Vi kan tilby:
Godt arbeidsmiljø
Engasjerte og fagleg dyktige kollegar
PBL sin hovudtariffavtale
Gode forsikrings og pensjonsordningar
Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Politiattest må vises før tilsetting.
Høyres det interessant ut? Ta gjerne kontakt med Anny for meir informasjon??
95 90 45 06 eller send søknad med CV til anny@elvetunbarnehage.no
Søknadsfrist:
Om arbeidsgiveren
Elvetun er ein privat barnehage som hadde oppstart august 2005. Våre lokaler ligg i nærleiken av Dale sentrum og vi har kort vei til skog og naturleikeplassar. Vi har mykje fokus på uteaktivitetar og brukar mykje barnehagen sitt nærområde i kvardagen. Vi har i dag 40 barn fordelt på to avdelingar i lag med 12 vaksne.
Vi har vår eigen matansvarleg som kvar dag lagar sunne og gode varme måltid. Kvar veke reiser 5-6 barn i lag med to vaksne og badar i vamt basseng der vanntilvenning er i fokus.
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Bjerga 14, 6963 Dale i Sunnfjord
- Bransje
- Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Barnehageassistent,
- Barnehage / Barnehagelærer,
- Barnehage / Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
barnehage, barne/ungdomsarbeider, pedagogisk medarbeider, pedagogisk leder, barnehagelærer




Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Anny-Mari Holm
- Stillingstittel
- Dagleg leiar
- Mobil
- 959 04 506
Bjerga 14, 6963 Dale i Sunnfjord