Utløpt

United Future Lab Norway (Framtidslaben) - Ålesund kommune

Arbeidsgiver
Ålesund kommune
Stillingstittel
Leiar for Framtidslaben
Frist
02.05.2023
Ansettelsesform
Fast

United Future Lab Norway (Framtidslaben) blei etablert i 2019 og er drifta av Ålesund kommune og er ein del av FNs program for smarte og berekraftige byar. Framtidslaben er basert på partnarskap mellom aktørar frå privat næringsliv, akademia og offentleg sektor. Målet er å bidra til at vi saman når FNs berekraftsmål. Framtidslaben koplar folk, tankar, idear frå akademia, offentleg og privat sektor i eit partnarskap der målet er å utvikle og igangsette berekraftsprosjekt innan ulike tema. Gjennom arbeidet som er gjort så langt har vi eit godt utgangspunkt med mange aktørar som jobbar godt saman for å finne nye løysningar for et meir berekraftig samfunn. Nå tar vi arbeidet eit steg vidare og søker deg som vil leie Framtidslaben inn ei ny og spanande fase. Det pågår eit arbeid saman med sentrale aktørar som blant anna The North West, NHO, NTNU og kommunane i regionen for å finne ei ny organisering av berekraftsarbeidet. Som leiar av Framtidslaben får du ei sentral rolle i denne omorganiseringa.  

Arbeidsoppgåver

  • Leie dagleg drift og vidare utvikling av Framtidslaben.
  • Utvikle og leie teamet av medarbeidarar som er tilsett og tilknytt Framtidslaben.
  • Leie an i arbeidet med å sikre god dialog med samarbeidspartar.
  • Sikre forsvarleg økonomisk drift.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå.
  • Kompetanse og erfaring innan strategi og leiing.
  • Generelt samfunnsengasjement og forståing for dei ulike berekraftsdimensjonane. 
  • Generelt god IKT-forståing og interesse for framtidsretta teknologiske løysingar.
  • Kjennskap og erfaring frå både privat og offentleg sektor vil vere ein fordel.
  • Gode evne i skriftleg og munnleg kommunikasjon på både norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for samskaping, innovasjon og berekraftig samfunnsutvikling 
  • God på strategiske arbeidsprosessar og evne til å gjennomføre tiltak 
  • Leiarerfaring og evne til å motivere og inspirere 
  • God på å bygge relasjonar
  • Pågangsmot og evne til å gå opp nye vegar

Vi tilbyr

Som leiar av Framtidslaben vil du får spanande og utfordrande arbeidsoppgåver både på strategisk og operativt nivå. Du får ei sentral rolle i å forme ein smart og berekraftig region. Du kjem i tett kontakt med mange ulike fagmiljø innan det offentlege, akademia og privat næringsliv. Stillinga har gode og konkurransedyktige vilkår og god pensjons- og forsikringsordning. Arbeidsstad vil vere Framtidslaben ved Campus i Ålesund.

Stillinga vil gå over frå Ålesund kommune til den nye organisasjonen for Framtidslaben når den er etablert. Arbeidsstad vil være Framtidslaben på Campus Ålesund. Ta kontakt for oppdatert informasjon om den nye organiseringa. 

Om arbeidsgiveren

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt
og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er "nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet".
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor
Organisasjoner
Lederkategori
Leder
Sted
6025 Ålesund
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Konsulent og rådgivning,
Annet
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Rådgivning,
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helge Veum
Stillingstittel
Verksemdsleiar
Mobil
47 50 50 70
Følg firma
111 følger dette firmaet

6025 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 297330198
Sist endret 15. mai 2023 10:12

Rapporter annonse