Utløpt

Leiar HR - organisatorisk støtte og HMS

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Leiar HR - organisatorisk støtte og HMS
Frist
16.04.2023
Ansettelsesform
Fast

I HR-seksjonen er det ledig stilling som leiar i ei omorganisert eining som er under oppbygging.

Du skal være med å bygge opp eininga der ein mellom anna skal gje leiarstøtte i dei daglege oppgåvene og generelle spørsmål som kjem til HR på forvaltningssida. Du må kjenne til relevant lov– og avtaleverk.  Medarbeidarane vil yte leiarstøtte ved rekruttering, sjukefråversoppfølging, konfliktsaker mm. Du vil vere med og fastsetje løn i stillingar i organisasjonen vår, og rådgje leiarar med tanke på innplassering i rett lønskapittel og stillingskode.

Du vil få heile organisasjonen som nedslagsfelt og må evne å sjå heilheit samstundes som vi ser at organisasjonen har ulike utfordringar. Det er ulik størrelse på, og forventningar frå, dei ulike avdelingane. Vi er i ferd med å utvikle ein tenestekatalog (SLA) der du vil bidra slik at nivået på tenestene vert kalibrert.

HMS er eit svært viktig område, og du bli ansvarleg for HMS-arbeidet; herunder sekretariatsfunksjon for AMU, HMS-rapportering og  oppfølging av kontrakt med bedriftshelsetenesta. Vi ynskjer å auke kunnskap og fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet, og vi styrker kompetansen på dette ute  i organisasjonen, både  hos leiarar og medarbeidarar. Godt samarbeid med vernetenesta er viktig i denne rolla. 

Vi har fokus på brukarane våre og driv kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar og system. I alt arbeidet vårt har vi eit digitaliseringsfokus. Du vil få personalansvar for dei dyktige og dedikerte medarbeidarane som høyrer til eininga, og må vere ein pådrivar for at vi lukkast med tenestene vi skal levere. 
Du rapporterer til HR-direktøren, og vil inngå i hennar leiargruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Leie eininga med tanke på oppgåveløysing (som skildra over)
  • Vidareutvikle tenesteporteføljen til eininga
  • Utvikle gode relasjonar til brukarane
  • Personalleiing
  • Sakshandsaming

Kvalifikasjonar

  • Master relevant for HR
  • God leiarerfaring frå HR-feltet, gjerne så brei som mogeleg utifrå oppgåvene
  • Arbeidserfaring frå større, komplekse organisasjonar
  • Evne til å sjå heilhet og ta ansvar for totalporteføljen 
  • God kjennskap til offentleg sektor  

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og analytisk
  • Handlekraftig og med stor gjennomføringsevne
  • Løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner som gjer at du får med deg medarbeidarar og brukarar 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

Du får ei sentral leiarrolle med stort ansvar for å bygge og drifte eininga
Relevant kompetanseutvikling
Eit triveleg og engasjert arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid med sommar- og vintertid samt moglegheit for heimekontor
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår 

Andre opplysningar
Arbeidsstaden vil vere i Bergen eller på Leikanger. Fylkesadministrasjonen har nyleg flytta inn i heilt nytt moderne hus i Bergen sentrum, og fylkeshuset på Leikanger skal renoverast, med innflytting mot slutten av 2024.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Du vil alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Askedalen 2, 6863 Leikanger
Flere arbeidssteder
  • 5008 Bergen
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering

Nøkkelord

HR, organisatorisk, støtte, HMS, ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde Merete Bjørnsdotter Withammer
Stillingstittel
HR-direktør
Telefon
40 62 44 16
Følg firma
1072 følger dette firmaet

Askedalen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 296753304
Sist endret 29. mar. 2023 11:52

Rapporter annonse