Utløpt

HR-sjef/avdelingsleiar i Bjørgvin bispedøme

Arbeidsgiver
Den norske kirke
Stillingstittel
HR-sjef/avdelingsleiar i Bjørgvin bispedøme
Frist
09.05.2023
Ansettelsesform
Fast

Det er ledig stilling som HR-sjef/avdelingsleiar for HR- og administrasjonsavdelinga ved Bjørgvin bispedøme.

Avdelinga er tverrfagleg med kompetanse innan personal, juss, økonomi og organisasjonspsykologi. HR-sjef har ansvar for å utøve personal- og arbeidsgjevaransvaret på vegner av biskop og bispedømeråd i nært samarbeid med prostane.

HR-sjefen har ansvar for å koordinere HR-arbeidet i bispedømet, samarbeide med Kyrkjerådet si HR-avdeling og dei nasjonale teama innan lønn og økonomi. HR-sjefen er ein del av leiargruppa på bispedømekontoret. Stiftsdirektør er nærmaste leiar. Det er 16 tilsette ved kontoret, som samla er administrasjon for både biskop og bispedømeråd. Det er rundt 170 tilsette prestar i bispedømet. Bjørgvin bispedøme omfattar Vestland fylke, med 43 fellesråd og 176 sokn.

Arbeidet med ny kyrkjeleg organisering gir HR-sjef høve til å ta del i spennande endringsprosessar.
Viktige arbeidsoppgåver vil vere organisasjons- og stabsutvikling, HMS, konflikthandtering, kompetanseutvikling samt ordinær saksbehandling og utgreiingsarbeid.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudansvar for HR- og HMS-arbeidet i bispedømet
  • Leie og vidareutvikle HR-arbeidet i tråd med nasjonale føringar
  • Sikre at HR-avdelinga leverer tenester av relevant og høg kvalitet
  • Rådgjeving og leiarstøtte
  • Vareta arbeidsgjevarrolla, medbestemmelse og samarbeid med arbeidstakarorganisasjonar og vernetenesta
  • Ansvar for rekruttering
  • HR-analyser av mellom anna gjennomføring, oppfølging og rapportering av medarbeidarundersøkingane
  • Handtering av personal- og konfliktsaker
  • Deltaking i ulike HR-prosjekt saman med andre bispedøme og med Kyrkjerådet
  • Leiing av HR-avdelinga med for tida seks medarbeidarar

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning med relevant HR-fagleg kompetanse
  • Relevant arbeids– og leiarerfaring
  • Høg arbeidskapasitet og god gjennomføringskraft
  • Medlemskap i Den norske kyrkja
  • Erfaring frå, og god forståing for, samspelet mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde
  • Beherske både nynorsk og bokmål skriftspråk
  • Erfaring frå endringsleiing
  • Gode digitale ferdigheiter

Det er ein fordel med:

  • God kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon og verksemd
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og kjennskap til offentleg regel- og avtaleverk

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sette seg inn i og handtere komplekse saksforhold
  • God evne til relasjonsbygging og gode samarbeidsevner på tvers av nivå og arbeidsgjevarlinjar i trossamfunnet Den norske kyrkja
  • Evne til å inspirere, motivere og vere ein samlande kulturbyggar

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i stillingskode 1055 personalsjef. Lønn etter avtale
  • Varierte og utfordrande leiaroppgåver
  • Hyggelege og dedikerte kollegaer
  • Godtgjersler etter KA sitt regulativ.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode kontorforhold sentralt i Bergen.
  • Arbeidsvegleiing

Generell informasjon:

  • Den som vert tilsett vil måtte rette seg etter de endringar i lover, tariffavtale, særavtalar, reglement og andre avgjersler som kan ha innverknad på oppgåvene i stillinga
  • Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ønske om å få sitt namn unntatt frå denne må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25
  • Dnk ønsker mangfold med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hull i CV-en, og oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke stillinga


Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Strandgaten 198, 5004 Bergen
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Ledelse,
HR, personal og rekruttering

Nøkkelord

HR,, HMS,, ledelse,, avdelingsleder,, rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Ove Fjelltveit
Stillingstittel
stiftsdirektør
Telefon
95 13 68 98
Kontaktperson
Cathrine Waaler Halstensen
Stillingstittel
Hr-sjef/avdelingsleiar
Telefon
99 62 54 80
Følg firma
88 følger dette firmaet

Strandgaten 198, 5004 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 296642771
Sist endret 10. mai 2023 10:18

Rapporter annonse