Utløpt

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
16.04.2023
Ansettelsesform
Fast

Bore skule søkjer deg som ønskjer å vera med å drifte og vidareutvikle Bore skule inn i framtida. Me har fokus på å vidareutvikle oss med målsetting om å tilby alle elevar god progresjon og stort læringsutbyte både fagleg og sosialt. 

Skulen er ein barneskule med omlag 450 elevar fordelt på 1.-6. trinn. Skulen har dyktige tilsette frå brei erfaringsbakgrunn.

Bore skule har eit nybygg, og framstår som ein skule med alle fasilitetar, og kor ein har fokus på undervisning som skal engasjere elevane. I Klepp kommune nyttar ein læringsbrett (iPad) i undervisninga. Skulen har eigen aula, kantine, stort og flott uteområde, tilgang til gymsal, idrettshall og symjehall, i tillegg til flotte turområde.

Bore skule og Klepp kommune er ein del av Jærskulen som er eit samarbeid om skuleutvikling i kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time.

Som avdelingsleiar vil du bli del av leiarteamet som består av totalt 3 avdelingsleiarar, SFO- leiar og rektor.

Det går buss til skulen.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar vil ha hovedansvar for 1.-2.trinn og vera ein del av leiarteamet saman med avdelingsleiar på 3.-4., 5.-6. trinn og rektor. Stillinga er kombinert administrasjon og undervisning. Avdelingsleiar vil i hovudsak følgje opp elevane og tilsette på eigne trinn.

  • Organisere og og tilrettelegge av den daglege drifta, inkl. vikararbeid.
  • er med på trinnmøta, samareidsmøter og arbeide tett med sos.- og spes.ped teamet på skulen.
  • føre vikartimar og fråvær i  mintimeplanprogrammet
  • ha undervisning og vikartimar

Kvalifikasjonar

  • lærarutdanning
  • rekortskulen eller anna leiarutdanning, eventuelt ønskje om å ta videreutdanning.
  • leiarerfaring
  • undervisningserfaring frå barnetrinnet
  • ønskeleg med småskuleerfaring og ein fordel om ein har kompetanse innenfor lese- og skriveopplæringa
  • spesialpedagogisk kompetanse vil og vere ein fordel
  • god IKT-kompetanse

Den som får tilbod om stillinga må framlegge politiattest av nyare dato.


Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som er positiv, har stort engasjement og god arbeidskapasitet, og som evner å:

  • sette elevane si læring og utvikling i fokus
  • motivere tilsette og elevar til å skape eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø
  • vera ein tydeleg og raus leiar
  • ansvarsbevisst, strukturert og kunne ta avgjersler
  • kombinere administrativ og pedagogisk leiing
  • fleksibel og mestre å arbeida under stort arbeidspress
  • vera lojal
  • samarbeide tett saman med leiargruppa, samtidig som ein kan arbeide sjølvstendig og bare ta oppgåver som 
  • begeistre og spre entusiasme i utviklinga av skulen

Vi tilbyr

Ein spennande jobb på ein framtidsretta skule med god trivsel. 

  • samarbeid med fagleg dyktige kollegaer
  • varierte og spennande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for påvirkning av eigen arbeidsdag.
  • moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjon-og forsikringsordningar
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram av utlysinga, og dei til ein kvar til gjeldande lovar, reglement og tariffavtaler
Lønn iht lokal lønnspolitikk

 

Om arbeidsgiveren

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.



Visjonen vår er Med blikk for alle .  Me ønskjer tilsetje som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Verdalsvegen 31, 4352 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor,
Undervisning og pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jorun Beate Fylkesnes
Stillingstittel
rektor
Telefon
93 89 50 74
Følg firma
244 følger dette firmaet

Verdalsvegen 31, 4352 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 295943819
Sist endret 23. mar. 2023 09:49

Rapporter annonse