Utløpt

Er du vår nye prosjektsjef i fylkesvegavdelinga?

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Leder
Frist
16.04.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Er du vår nye prosjektsjef?

Prosjektsjefen er leiar for vegprosjektseksjonen, som per i dag har om lag 60 tilsette. Vegprosjektseksjonen har ansvar for gjennomføring av ein stor og krevjande portefølje av investeringsprosjekt dei komande åra, i tillegg til forvaltning, drift og vedlikehald av bruer og ferjekaier. Byggherreverksemda er fordelt på åtte prosjektorganisasjonar:


  • Prosjekt tunneloppgradering. Prosjektet har ansvar for oppgradering av knappe 30 tunnelar i Møre og Romsdal, som må utbetrast for å fylle krava i tunnelsikkerheitsforskrifta. Utbetringsarbeidet er starta, og det er venta at kostnadene med å utbetre alle aktuelle tunnelar vil passere 3 mrd. kroner.
  • Prosjekt ferjekai. Det er behov for store investeringar på ferjekaiene våre for å kunne ta i mot nye og større ferjer i åra framover. I perioden 2023-2026 er det sett av om lag 1 mrd. kroner til investeringar på ferjekaier.
  • Prosjekt bypakke Ålesund. Bypakken er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund kommune og Statens vegvesen, kostnadsramme på 4 mrd kroner dei komande åra
  • Prosjekt Nerlandsøybrua. Vegprosjektseksjonen er i gang med bygging av ny bru til Nerlandsøya i Herøy kommune. Prosjektet har ei kostnadsramme på 826 mill
  • Prosjekt Korsmyra Indreeide. Sikring av fylkesveg 63 mellom Korsmyra og Indreeide i Stranda og Fjord kommunar, skal vere ferdig i 2024. Prosjektet har ei kostnadsramme på om lag 1 mrd. kroner
  • Prosjekt bru. Prosjektorganisasjonen har ansvar for bruvedlikehald og gjennomføring av større og mindre investeringstiltak på bruer. Tiltaka kan variere frå små og mellomstore prosjekt til større prosjekt på rundt 100 mill. kroner.
  • Prosjekt veginvestering. Prosjektorganisasjonen har ansvar for bygging av mindre vegprosjekt, som t.d. gang- og sykkelvegar, trafikktryggingstiltak, kollektivtiltak og mindre skredsikringstiltak.
  • Prosjekt Kjerringsundet. Byggherreorganisasjonen i fylkesvegavdelinga har ansvar for prosjektering og bygging av Kjerringsundsambandet


Som prosjektsjef skal du:

  • Leie vegprosjektseksjonen med om lag 60 tilsette.
  • Ha personalansvar for prosjektleiarar og eigen stab
  • Styre samla prosjektportefølje og forvaltninga av bruer og ferjekaier på fylkesveg i Møre og Romsdal
  • Ha resultatansvar for SHA, økonomi, kvalitet og framdrift på alle prosjekt
  • Bidra til kontinuerlig forbetring og fagleg utvikling gjennom kompetansedeling og samarbeid på tvers i organisasjonen
  • Vere ein del av avdelingsleiinga og delta i styringa av fylkesvegavdelinga
  • Rapportere til fylkesvegsjef på eigen prosjektportefølje/ansvarsområde.


Vi søker deg som har:

Bachelor eller master i ingeniørfag (min. 3-årig ingeniørutdanning frå universitet, høgskule eller liknande.

  • Erfaring i gjennomføring av prosjekt innan anlegg, veg eller bygg.
  • God kjennskap til digitale verktøy
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar som blir lagt spesielt vekt på:

  • Vilje og evne til å samarbeide med og involvere interne og eksterne partar.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
  • Du er utviklings- og løysingsorientert
  • Du er ein lagbyggar med gode leiareigenskapar


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Du blir fast tilsett i vegprosjektseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du kan sjølv velje kva for ein kontorstad du ønsker å arbeide ved.

Du må rekne med ein del reising i heile fylket til dei ulike prosjekta og til dei ulike kontorstadane.

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har om lag 135 tilsette.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ledelse,
Prosjektledelse

Nøkkelord

anlegg, bygg, vei, prosjektsjef, samferdsel

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ole Jan Tønnesen
Stillingstittel
Fylkesvegsjef
Mobil
92 02 95 90
Kontaktperson
Torgeir Bye
Stillingstittel
Seksjonsleiar vegdrift
Mobil
90 73 78 73
Følg firma
312 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 295600199
Sist endret 1. mai 2023 16:21

Rapporter annonse