Utløpt

Vil du vere med å vidareutvikle Borgund vgs?

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
27.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter ein engasjert leiar som vil vidareutvikle skolen saman med elevar og medarbeidarar!


Du får jobbe med

  • å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevar og medarbeidarar
  • utvikling av skolen som organisasjon
  • utvikling av lærings-, samhandlings- og delingskulturen på skolen og i fylkeskommunen
  • vidareutvikling av heile utdanningssektoren og fylkeskommunen sitt regionale utviklingsarbeid
  • oppfølging av nasjonale og fylkeskommunale planar, strategiar og målsettingar

Du vil vere skolen sin øvste pedagogiske og administrative leiar og ha overordna ansvar for elevane si opplæring.


Vi søker deg som

  • har høgare utdanning, leiarutdanning og pedagogisk kompetanse
  • har leiarerfaring og god innsikt i vidaregåande opplæring og skoledrift
  • har eit positivt og konstruktivt elev- og læringssyn
  • er utviklingsorientert, tydeleg og samlande
  • har evne til å motivere, stille krav og gi tilbakemelding
  • har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape gode relasjonar og arbeidsglede
  • kan bidra til å bygge nettverk både eksternt og internt
  • ønsker å utvikle skolen som organisasjon og som er engasjert i lokalt samfunns- og næringsliv


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om Borgund vidaregåande skole

Skolen er ein av dei største vidaregåande skolane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune og har om lag 1100 elevar og 235 tilsette.

Borgund vidaregåande skole har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram, to avdelingar for tilrettelagt undervisning, to påbyggingsklasser og to klasser for grunnleggande norskopplæring. I tillegg har skolen ansvar for undervisninga ved Ålesund fengsel, skoletilbodet ved ungdomspsykiatrisk avdeling og eit eige kompetansesenter som gir tilbod til vaksne elevar og kurs til næringslivet.

Du kan lese meir om Borgund vidaregåande skole på nettsidene www.borgund.vgs.no


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova § 10-9.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Yrkesskolevegen 20, 6011 Ålesund
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

rektor, ledelse, videregående skole, utdanning, skole

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Brekken
Stillingstittel
kompetanse- og næringsdirektør
Telefon
71 28 03 70
Mobil
48 13 12 91
Kontaktperson
Kariann D. Flovikholm
Stillingstittel
kompetansesjef
Telefon
71 28 03 80
Mobil
90 18 43 84
Følg firma
310 følger dette firmaet

Yrkesskolevegen 20, 6011 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 294325642
Sist endret 21. apr. 2023 14:16

Rapporter annonse