Utløpt

Vil du vere med å vidareutvikle tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Fylkestannlege
Frist
27.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Den offentlege tannhelsetenesta er i stadig utvikling, og skal ta høgde for samfunnsendringar og utviklingstrekk som vil påverke dei framtidige tenestene. Vi skal vidareutvikle tannhelsetenesta til det beste for brukarane våre og innbyggarane i Møre og Romsdal, med fokus både på førebygging og behandling. Vi søker i denne samanheng ny fylkestannlege som skal leie, samordne og vidareutvikle den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal.

Fylkestannlegen vil inngå i fylkeskommunedirektøren si toppleiargruppa og skal medverke til å utvikle det samla tenestetilbodet på tvers av fag og sektorar.


Du får jobbe med

  • Fagleg og administrativ leiing av den offentlege tannhelsetenesta
  • Planlegging, utbygging og drift av våre tannhelsetenester
  • Heilskapleg organisasjonsutvikling og verksemdstyring
  • Budsjett og økonomiansvar


Vi søker deg som

ønsker utfordringar, og som evner å utvikle deg sjølv og andre gjennom aktiv samhandling. Det blir lagt vekt på at du har:

  • kunnskap om tannhelsefeltet i eit samfunnsperspektiv
  • leiarerfaring med dokumenterte resultat
  • erfaring med økonomi-, budsjett- og personaloppfølging
  • norsk autorisasjon som tannlege

I tillegg ønsker vi at du:

  • ser samanhengar, er strategisk, strukturert og har stor arbeidskapasitet
  • er handlekraftig og har gjennomføringsevne
  • kan ta tydelege avgjerder og mobiliserer medarbeidarane til innsats
  • er god på relasjonar og nettverk, og bygger tillit
  • har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne


Vi tilbyr

  • ein spennande arbeidskvardag på ein arbeidsplass i utvikling
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • lønn etter avtale


Om tannhelsetenesta

Fylkeskommunen har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket og skal sørge for at tannhelsetenester, medrekna spesialisttenester er tilgjengelege for alle innbyggarar. Tannhelsetenesta organiserer førebyggande tiltak og gir eit regelmessig, oppsøkande og gratis tilbod til alle grupper pasientar som har rettar etter tannhelsetenestelova, samt tilbod til vaksne, betalande pasientar. Fylkestannlegen er leiar av den offentlege tannhelsetenesta, som er organisert i 4 kompetanseregionar med 27 tannklinikkar og 180 tilsette.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Når du har søkt på stillinga mottar du ei stadfesting på e-post. Ta kontakt viss du ikkje får e-post frå oss.


Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Helse og omsorg,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse,
HR, personal og rekruttering,
Ledelse

Nøkkelord

tannhelse, økonomi, leder, organisasjonsutvikling, tannlege

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Toril Hovdenak
Stillingstittel
fylkeskommunedirektør
Mobil
99 04 87 28
Kontaktperson
Richard Muller
Stillingstittel
HR-sjef
Mobil
95 20 45 46
Følg firma
311 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 293833218
Sist endret 17. apr. 2023 13:24

Rapporter annonse