Årdal Utvikling søkjer dagleg leiar
- Arbeidsgiver
- Årdal Utvikling
- Stillingstittel
- Dagleg leiar
- Frist
- 11.04.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Som dagleg leiar i Årdal Utvikling vil du bidra til ei berekraftig næringsutvikling. Du vil jobba kvar dag med å legge forholda best mogleg til rette for nye arbeidsplassar og gode utdanningsmogelegheiter i eit variert og framtidsretta næringsliv. For å lukkast i denne jobben meiner me det er viktig at du evner å utvikle gode relasjonar til viktige aktørar i regionen.
Du blir leiar for to tilsette og rapporterer til styreleiar.
ANSVAR OG OPPGÅVER
Ei av dine viktigaste oppgåver som dagleg leiar hjå oss, er å bidra til ei berekraftig næringsutvikling. Du vil få jobbe med å leie og finansiere prosjekter, og du vil ha overordna leiar- og resultatansvar. Saman med gode samarbeidspartnarar vil du inspirere og skapa begeistring for arbeidet til Årdal Utvikling.
Dine andre sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver vil vere å
- operasjonalisere strategisk næringsplan
- ha ansvar for økonomi (budsjett, rekneskap og prognose)
- leie og vidareutvikle Årdal Teknologipark
- drive analyse- og strategiarbeid
- rapportere til Årdal kommune og styret
KVALIFIKASJONAR OG BAKGRUNN
Me ser etter deg som har erfaring frå strategi- og utviklingsarbeid. Du har gjerne arbeida med prosjektleeing tidligare, og du har ei relevant utdanning - gjerne innanfor økonomifeltet. Forutan om dette, vil det vera ein fordel om du også har
- god økonomiforståing
- innsikt og er analytisk i utviklingsarbeidet
- eit relevant nettverk og er samfunnsengasjert
- forståing for offentleg forvaltning og politiske prosessar
- god forståing for mogelegheitene i ny teknologi
- gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk, skriftleg og munnleg
PERSONLEGE EIGENSKAPAR
Me ynskjer at du er ein smidig og samlande person som inspirerar og skaper entusiasme, og er god til å få folk til å dra i samme retning. Det er ein stor fordel om du er ein samfunnsengasjert person som bryr deg om lokalsamfunnet og vil leie Årdal Utvikling inn i framtida. Videre ynskjer vi at du
- er ein lagspelar med gode samarbeidsevner
- er oppteken av resultat og kvalitet
- er nytenkande, utviklingsorientert og initiativrik
- kommuniserer på ein klar og god måte
- har god forretningssans
KVIFOR SKAL DU JOBBA I ÅRDAL UTVIKLING?
- Du får arbeida med interessante, spanande og allsidige leiaroppgåver.
- Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar og ordna arbeidsforhold.
- Du vil få oppleva vakker og vill natur. Me held til i Årdal – midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo. Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn.
Ynskjer du meir informasjon om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rådgjevarane
- Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200
- Fredrik A. Deilkås, tlf. 984 72 541
Registrer og send inn CV og søknad snarast, og husk å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål.
Rekrutteringspartnaren vår behandler alle henvendingar konfidensielt - også overfor oss i Årdal Utvikling i den innleiande fasen dersom det er ynskjeleg.
Søknadsfrist: 11. april 2023 – søknader vert vurderte fortløpande.
Tiltreding etter nærmare avtale.
Om arbeidsgiveren
Årdal Utvikling er ansvarlege for å utarbeide og gjennomføre strategisk næringsplan for Årdal kommune. Hovudmålet for Årdal Utvikling sitt næringsutviklingsarbeid er å legga til rette for verdiskaping gjennom fokus på nyskaping, omstilling og samhandling. Vi har eit totalbudsjett på ca 5 millionar. Selskapet er organisert som ei stifting med totalt to årsverk. Selskapet eig og driftar Årdal Teknologipark AS som saman med Sogn Opplæringskontor (SOK) og Senter for innovasjon, teknologi og prosess (SITEP) har bygd eit felleskap og ein arena for kompetanse og innovasjon. For meir informasjon, sjå ardal-utvikling.no
- Sektor
- Samvirke
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Torget 2, 6885 Årdalstangen
- Bransje
- Industri og produksjon,
- Konsulent og rådgivning,
- HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
- Stillingsfunksjon
- Forretningsutvikling og strategi,
- Ledelse,
- Kontor og administrasjon
Nøkkelord
Næring, Utvikling, Strategi, Resultat, Offentlig
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Jan Tore Hamnøy
- Stillingstittel
- Rådgiver
- Telefon
- 411 02 200
- Kontaktperson
- Fredrik Deilkås
- Stillingstittel
- Research & analyse
- Telefon
- 984 72 541
Torget 2, 6885 Årdalstangen