Utløpt

Avdelingsdirektør ved Forskings- og innovasjonsavdelinga

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Avdelingsdirektør ved Forskings- og innovasjonsavdelinga
Frist
20.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Forsking på høgt internasjonalt nivå

UiB skal vere mellom dei fremste universiteta i Europa, internasjonalt kjend for høg kvalitet. Universitetet skal flytte kunnskapsgrensene og leggje til rette for ei berekraftig og demokratisk framtid gjennom sterk forsking i og på tvers av disiplinane over ei stor fagleg breidde. 

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Avdelingsdirektør ved Forskings- og innovasjonsavdelinga

Universitetet i Bergen sin strategi (2023 - 2030) har tydelege ambisjonar om å styrke forskingsverksemda og utvikle sterke forskingsmiljø ved alle fakultet. Vi søkjer ein leiar som vil bidra til å realisere universitetet sine ambisjonar for forskinga.

Stillinga som forskingsdirektør er sentral i utviklinga av universitetet og inngår i leiargruppa til universitetsdirektøren.


Ansvar og oppgåver:

I eit tett samspel med universitetsdirektøren og fagleg leiing i organisasjonen har forskingsdirektøren ansvar for den administrative oppfølginga av UiB sine forskingsstrategiske målsetningar, bidra til auka deltaking i nasjonale og internasjonale forskingsprogram og til utvikling av universitetet sine forskingsadministrative tenester til fagmiljøa.

Du vil leie og vidareutvikle forskings- og innovasjonsavdelinga med oppgåver knytt til forskingsfinansiering, forskarutdanning, innovasjon, infrastruktur, forskarmobilitet og internasjonalt samarbeid. Avdelinga har om lag 40 årsverk.

Vi søker ein leiar som forstår og respekterer fagmiljøa sin akademiske kultur, og er ein kompetent rådgjevar og pådrivar. Den vi søkjer skal legge til rette for gode prosessar og tenester og må ha evne til å tenke nytt i dialog med fagmiljøa, universitetsleiinga, samarbeidsinstitusjonar, offentlege instansar og ulike finansieringskjelder.

Den som vert tilsett i stillinga må vere målretta, ha gjennomføringskraft, vere fagleg sterk innan sitt område og ha eit sterkt ønskje om å bidra i vidareutvikling av Universitetet i Bergen.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Høgare utdanning på minimum mastergradsnivå
  • Kjennskap til forskingsadministrativt arbeid, kunnskap om forskningspolitikk samt norske og internasjonale forskings- og innovasjonssystem
  • Motiverande leiarstil med gode samarbeidsevne
  • Lagspelar og relasjonsbyggjar, som skapar tillit og er inkluderande og evnar å bygge nettverk
  • Initiativrik leiar med dokumentert evne til å oppnå resultat og eit godt samspel på tvers av faglege organisatoriske grenser

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde.


Vi tilbyr:
  • Interessante og utviklande leiaroppgåve
  • Løn etter nærare avtale i stilling som avdelingsdirektør (kode 1060)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fungerande universitetsdirektør Tore Tungodden, tlf.: 975 57 140 eller HR-direktør Sonja Dyrkorn tlf.: 481 62 687.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for auka likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og erfaring med likestillings- og mangfaldsarbeid vert lagt vekt på ved rekruttering av leiarar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein høgt anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fellesadministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Fellesadministrasjonen er organisert i sju avdelingar. Les meir om Forskings- og innovasjonsavdelinga her. 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 292499439
Sist endret 23. feb. 2023 13:41

Rapporter annonse