Dagleg leiar
Vaksdal Næringsselskap AS
- Frist 19.3.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til vekst og nyetableringar i kommunen vår?
Vaksdal Næringsselskap AS skal vera ein aktiv pådrivar for å gjera Vaksdal Kommune til eit attraktivt nærings- og tilflyttingsområde. Vi søkjer ein initiativrik og handlekraftig leiar med eit solid engasjement for vidare utvikling av Vaksdal Næringsselskap AS. Vår nye leiar har god kjennskap til næringslivet i vår region. I rolla skal du formidla næringslivets interesser overfor myndigheiter lokalt, regionalt og nasjonalt. Du skal vera brubyggjaren som skapar begeistring gjennom tydeleg og godt leiarskap. Du vil arbeide saman med styret, lokalt næringsliv, offentlege instansar og andre relevante aktørar som investormiljø.
Sentrale ansvarsområde:
- Dagleg leiing av verksemda
- Samarbeide med etablert næringsliv og vera ein brubyggjar inn mot kommune og ulike kompetansemiljø både lokalt, regionalt og nasjonalt
- Bistå gründerar og investorar med rådgjeving og kopling til relevante aktørar
- Styrkje relevant kompetanse i lokalt næringsliv
- Setje Vaksdal Næringsselskap AS på kartet gjennom sosiale kanalar, arrangement, møter etc.
- Vera aktiv bidragsytar i strategiarbeidet, her under følgje opp innhaldet i strategisk næringsplan
Ynskja kvalifikasjonar:
- Relevant erfaring frå næringsutvikling privat - offentleg
- Relevant høgare utdanning er ynskjeleg
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
- Proaktiv og visjonær, med eit strategisk tankesett
- Resultatorientert
- God på relasjons- og nettverksbygging
- Solid gjennomføringsevne – du får ting til å skje
Vi tilbyr:
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i skjeringspunktet mellom næringsutvikling, regionale utfordringar og moglegheiter
- Ei sjølvstendig nøkkelstilling med stort potensiale
- Stor grad av friheit og fleksibilitet i samarbeid med styret og lokale aktørar
- Løn etter avtale
Ved spørsmål kontakt ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor; Per Jorem (40021560) eller Bjørn Horne (91161390). Kortfatta søknad med CV sendast snarast og innan 19.03.2023 Hendvendingar til våre rådgjevarar vert handsama fortruleg inntil anna er avtalt.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Konsuljebsengt 3, 5722 Dalekvam
- Bransje: Offentlig administrasjon, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Rådgivning, Forretningsutvikling og strategi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgiver, Næringsliv, Strategi, Næringsutvikling, Ledelse
- FINN-kode 292386653
- Sist endret