Utløpt

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
07.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Fyllingsdalen videregående skole er ein kombinert vidaregåande skole med utdanningsprogramma studiespesialisering – toppidrett - musikk, dans og drama (studieførebuande) - helse- og oppvekstfag - påbygg til generell studiekompetanse. I tillegg har skolen nettundervisning
for fysisk syke og ei tilrettelagt avdeling. Skolen har om lag 580 elevar og 100 tilsette.
 
Fyllingsdalen videregående skole har eit personale med høg kompetanse på sine ulike yrkesfelt, stor grad av fagleg samarbeid og meget høg trivsel både blant tilsette og elevar. Skolen ligg i flotte nyoppussa lokale like ved bybanen og Oasen kjøpesenter og har som mål å vera den føretrekte skolen for elevar i Fyllingsdalen og Bergen vest.

Arbeidsoppgåver

Den noverande avdelingsleiaren vår skal flytta utanbys til sommaren; så vi er no på jakt etter etterfølgjaren hans. Som avdelingsleiar vil du ha leiaroppgåver innanfor personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon. Du vil ha personalansvar for dei tilsette i avdelinga - med vikarhandtering. Vidare vil du ha leiaransvar for oppfølginga av den økonomiske drifta av avdelinga. Du vil jobbe med pedagogisk og fagleg utvikling av avdelinga samt ha tett samarbeid med andre avdelingsleiarar.

Det kan vera aktuelt med undervisning til stillingen og det kan derfor vere ein fordel om du har undervisningskompetanse i eit eller fleire av faga i skolen sine utdanningsprogram.

Tiltreding
Så snart som mogleg – seinast 1. august.

Kvalifikasjonar

  • Du har relevant høgare utdanning
  • Du har solid leiarerfaring samt gode leiareigenskapar
  • God økonomisk forståing
  • Gode IKT-ferdigheiter og gjerne erfaring frå skoleadministrative system
  • Rektorstudiet eller masterstudie i utdanningsleiing vil være ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Å vere egna for arbeid som leier i skolen vil bli tillagt stor vekt
  • Du er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig.
  • Du er fleksibel og har omstillingsevne.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du har høg motivasjon og handlekraft.
  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap.
  • Du er resultatorientert

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling
  • Å bli ein del av skolens sin leiargruppe som samarbeider tett, har ein open kommunikasjon og rom for både alvor og godt humør
  • Fridom under ansvar

Andre opplysningar

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle tilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast i videregåande skole må legge fram politiattest av nyare dato

Les mer om skolen her:

https://www.fyllingsdalen.vgs.no/

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Shetlands-Larsens vei 23, 5143 Fyllingsdalen
Bransje
Offentlig administrasjon,
Barn, skole og undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Botnen
Stillingstittel
rektor                        
Telefon
98 40 51 51
Kontaktperson
Fyllingsdalen videregående skole
Telefon
55 63 00 00
Følg firma
1074 følger dette firmaet

Shetlands-Larsens vei 23, 5143 Fyllingsdalen

Annonseinformasjon

FINN-kode 291925750
Sist endret 19. feb. 2023 15:02

Rapporter annonse