Utløpt

Vil du bli tenesteleiar for kultur i Vågå?

Arbeidsgiver
VÅGÅ KOMMUNE
Stillingstittel
Leder
Frist
01.05.2023
Ansettelsesform
Fast

Vi har ledig stilling som tenesteleiar for kultur frå 1. august 2023, og søkjer deg som vil vere med på å vidareutvikle Vågå som kultur- og arrangementsbygd. 

 

Vågå kommune har høge ambisjonar for kulturfeltet, og søker ein tenesteleiar for kultur som  engasjerer, motiverer, skapar samhald, og bidreg til gode opplevingar både for kommunens eigne innbyggarar og tilreisande. Tenesteleiar skal bidra til at Vågå opprettheld og vidareutviklar sin posisjon som ein sterk kulturkommune med eit variert tilbod av kulturelle aktivitetar.

Tenesteleiar får ei viktig strategisk rolle og skal ha det overordna ansvar for kultur, idrett og frivilligheit i Vågå kommune. Stillinga skal sikre fagleg kompetanse innan arrangement, omdømme- og identitetsbygging og skal arbeide for å koordinere, vidareutvikle og ta initiativ til kulturtiltak og arrangement som bidreg til et variert og stimulerande kulturliv i kommunen.   

Kultureininga har ansvar for saksbehandling av politiske saker innan fagområde kultur, og skal legge til rette for, og følgje opp politiske målsettingar, strategiar og planar i samarbeid med kommunen si øvrige leiing. Vidare har tenesteleiar ansvar for å utarbeide og oppdatere aktuelle planar for kulturfeltet.

Som tenesteleiar for kultur har du ansvar for tenestetilbod, økonomi og personalressursar for kulturkontoret, kulturskulen, bibliotek, kino, kulturhus og hall, frivilligsentralen, folkehelsekoordinator, ungdomskonsulent og ungdomsklubb.

 Vi søker etter ein tenesteleiar som

  • har god forståing for politiske prosessar og kommunen si rolle som kulturformidlar
  • opptrer samlande, tillitsskapande og involverande
  • er tydeleg, open, raus og kreativ og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • har god avgjerds- og gjennomføringsevne
  • er positiv, med evne til å involvere og skape engasjement
  • har evne til omstilling og nytenking
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

Kvalifikasjonar

  • minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning, eksempelvis innan kulturleiing, samfunnsfag, administrasjon og/eller økonomi
  • leiarutdanning og/eller erfaring
  • god kjennskap til og erfaring frå fagområdet kultur
  • erfaring med og interesse for kommunikasjonsarbeid
  • relevant erfaring med saksbehandling frå offentleg forvaltning og/eller privat verksemd

Relevant praksis og personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og avtaler.

Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte:

Kommunalsjef Hilde Reitan, tlf. 482 34 101.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak i Vågå kommune.

Søknadsfrist: 01.05.2023.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Om arbeidsgiveren

Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har ca. 3.600 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og med eit allsidig kultur- og fritidstilbod. Vågå kommune ønskjer å framstå som ei kultur- og arrangementsbygd, med eit rikt kulturliv, særs mange aktive lag/foreiningar og mange dyktige arrangørar. Vågå har gjennom ei årrekke bygd opp mykje arrangementskompetanse, både hjå frivillige lag og foreiningar, private aktørar og i eigen regi i kommunen.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Idrett og trening,
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Kontor og administrasjon,
Annet
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

kultur, idrett, frivilligsentral, folkehelse, bibliotek

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde Reitan
Stillingstittel
Kommunalsjef barnehage, utdanning og kultur
Mobil
48 23 41 01
Følg firma
23 følger dette firmaet

Edvard Storms veg 2, 2680 Vågå

Annonseinformasjon

FINN-kode 290699631
Sist endret 23. mai 2023 09:56

Rapporter annonse