Utløpt

Det samfunnsvitskapelege fakultet, Psykologisk institutt

Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Stillingstittel
Avdelingsleiar - studieseksjonen
Frist
05.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Oslo
Om stillinga

Fast stilling som avdelingsleiar (SKO 1407), leiar for studieseksjonen, ledig ved Psykologisk institutt.

Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo er ein leiande bidragsytar og premissleverandør for psykologfagleg verksemd, forsking og undervisning i Noreg. Vi søkjer deg som vil vere administrativ avdelingsleiar for studieseksjonen ved ein profesjonell akademisk administrasjon med dedikerte og høgt kvalifiserte medarbeidarar.

Psykologisk institutt høyrer til Det samfunnsvitskaplege fakultet, der du inngår i eit kolleganettverk med fakultetsadministrasjonen og dei andre institutta. Som ei kunnskapsbasert og utviklingsorientert verksemd, vil det også kunne dukke opp moglegheiter for å delta i ulike prosjekt ved universitetet. Stillinga er underlagd kontorsjef ved instituttet og inngår i instituttet si leiargruppe. Avdelingsleiar for studieseksjonen vil samarbeide tett med instituttet sin utdanningsleiar.


Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar for studieseksjonen vil du få ein variert, interessant og travel kvardag med blant anna følgende arbeidsoppgaver:

  • Sørgjer for leiing og drift av studieseksjon samtidig som du er ein strategisk sparringspartnar for utdanningsleiar, kontorsjef, og den øvrige instituttleinga
  • Personalansvar for studieseksjonen på om lag 9 antall årsverk/ansatte, inkludert ansvar for tilsetjingar og rettleiing av dei tilsette i seksjonen
  • Ansvar for koordinerings-, planleggings-, og utviklingsoppgåver for utdanningsverksemda ved instituttet
  • Ulike oppgåver knytt til saksførebuing og rådgjeving for instituttleiinga og til instituttets/fakultetet sine styringsorgan. Dette inkluderer mellom anna å vera sekretær for programrådet og å førebu studiesaker til programrådsmøta
  • Heilskapleg oversikt og ansvar for drift, utvikling og oppfølging av faglege ressursar på studieprogramma.
  • Administrativ støtte til utdanningsleiar og kontorsjef

Stillinga kan tilleggjast andre oppgåver innan administrasjonen ved behov dersom omsynet til instituttets verksemd tilseier dette.


Kvalifikasjonskrav 
  • Utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande bachelorgrad. Dokumentert realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene i stillingen kan kompensere for utdanningskravet
  • Bred og relevant administrativ erfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad
  • Generelt god IT-forståing og erfaring med MS Office
  • Søkjarar med leiarerfaring eller koordineringserfaring, samt god kjennskap til studieadministrativt arbeid, vil bli føretrekt

Ønskelig kompetanse og erfaring som vil vektlegges:

  • God kjennskap til UiO-arbeidsverktøy
  • Erfaring innan og kjennskap til offentleg forvaltning
  • Administrativ kompetanse relevant for funksjonane i stillinga

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • Har gode leiareigenskapar og evnar å delegere
  • Er målretta, strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Er service- og utviklingsorientert, initiativrik og analytisk
  • Har stor arbeidskapasitet, og kan håndtere mange og varierte arbeidsoppgåver samtidig
  • Evner å etablere gode samarbeidsrelasjoner, motivere dine kollegaer og å skape et godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.


Vi tilbyr
  • Løn som avdelingsleiar SKO 1407, fastsettes etter individuell vurdering innenfor et spenn mellom kr 648 700 og kr 746 900, avhengig av kompetanse og ansiennitet
  • Eit hyggeleg og inspirerande arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde
  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.


Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.


Kontaktinformasjon

Kontorsjef Gunnar A. Malmin, tlf: +47 22845117, mobil: +47 41274201, e-post: g.a.malmin@psykologi.uio.no

HR-rådgiver Kamila Cholti (kun ved spørsmål om elektronisk søknad), e-post: kamila.cholti@psykologi.uio.no


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Boks 1094 Blindern, 0317 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Ledelse,
Annet
Følg firma
3830 følger dette firmaet

Boks 1094 Blindern, 0317 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 290486213
Sist endret 6. feb. 2023 14:22

Rapporter annonse