Utløpt

Vil du vere med på å utvikle eit framtidsretta lokalsamfunn og ein region i utvikling? 

Arbeidsgiver
Giske kommune
Stillingstittel
Kommunedirektør
Frist
02.03.2023
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer ein samlande og løysningsorientert toppleiar som kan kombinere eit tydeleg og strategisk leiarskap med handlekraft og evne til å prioritere og gjennomføre. Du er samfunnsengasjert, viser god forståing av samspelet mellom politikk og administrasjon, og kan vise til solid leiarerfaring i ein kompleks organisasjon. Vidare har du relevant høgare utdanning, er sterk på økonomi- og verksemdstyring og har god innsikt i offentleg forvalting. 

I ditt leiarskap har du fokus på heilskapleg styring og forpliktande resultatdialog. Du har ein synleg, inkluderande og motiverande leiarstil og er oppteken av kommunen si rolle som samfunns- og tenesteutviklar. Du evner å samle organisasjonen om felles mål og utfordringar, og vert motivert av å skape resultat med gode løysingar. Vi ynskjer oss ein leiar som speler medarbeidarar gode, kommuniserer godt, og er ein god relasjonsbyggjar. I tillegg er det viktig at du er god å handtere eksponering frå media. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Den nye kommunedirektøren vil spele ei naturleg hovudrolle i å vidareutvikle organisasjonen og gjere kommunen til ein endå betre stad å høyre til for næringsliv og innbyggjarar.

Vi tilbyr storslått natur og eit særprega kystmiljø. Hos oss får du ei utfordrande og spanande leiarstilling i ein organisasjon med høg kompetanse og med gode moglegheiter. Kommunedirektøren vil vere i posisjon til å påverke utviklinga i organisasjonen og i den vakre øy-kommunen vår.

Dersom du vert trigga av moglegheitene og utfordringane vi tilbyr, høyrar vi gjerne ifrå deg! 

For nærare informasjon om stillinga kontakt gjerne ordførar i Giske kommune, Harry Valderhaug, tlf. 913 85 761, eller vår rådgjevar i Headvisor, Kirsti Kalseth Sjøhaug, tlf. 977 31 680. Søknadsfrist er 2. mars 2023, men vi ønskjer gjerne at du viser interesse i god tid før fristens utløp. 

Opplysingar om søkjarar kan bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det jf. offentleglova § 25.  Du må grunngje i søknaden om du ønskjer å reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste jf. offentleglova § 25.

Om arbeidsgiveren

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Giske er vertskommune for regionflyplassen i fylke, Ålesund Lufthavn, Vigra. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund.

Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod, aktive idrettslag og gode høve for friluftsliv. Kommune har fylkets største vekst i folketal dei siste 10 åra, ein sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommunar. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide i, og har ein høg andel barn og unge.

Besøk vår heimeside: www.giske.kommune.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Forretningsutvikling og strategi,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

Løsningsorientert, Toppleder, Strategisk, Handlekraft, Økonomistyring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kirsti Kalseth Sjøhaug
Stillingstittel
Rådgiver
Telefon
97 73 16 80
Kontaktperson
Harry Valderhaug
Stillingstittel
Ordførar
Telefon
91 38 57 61
Følg firma
2324 følger dette firmaet

Valderhaug 4, 6050 Valderøya

Annonseinformasjon

FINN-kode 290462251
Sist endret 3. mar. 2023 00:13

Rapporter annonse