Utløpt

Vil du bli fagavdelingsleiar for kostymeavdelinga ved landets største teater?

Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Stillingstittel
Fagavdelingsleiar for kostymeavdelinga
Frist
28.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Det er ledig ei fast stilling som  

Fagavdelingsleiar for kostymeavdelinga 

Har du erfaring frå kostymeproduksjon og vil utvikle deg som personalleiar? Då kan jobben som fagavdelingsleiar for kostymeavdelinga vere noko for deg. I denne stillinga vil du vere involvert i heile produksjonsprosessen, frå skisse til ferdig kostymer på scenen, i samarbeid med kostymedesignarar og dei andre avdelingane på huset. 

Som fagavdelingsleiar har du fagansvar og personalansvar for kostymeavdelinga som òg inkluderer påkledarane. Desse faga er representert i avdelinga: kostymesyar, herreskreddar og kjole- og draktsyar. I tillegg har vi to tilskjerarar. 

Fagavdelingsleiaren skal bidra til å sikre eit godt arbeidsmiljø og god ressursutnytting i avdelinga. 

Kompetanse og kvalifikasjonar 

  • Høgare utdanning eller svennebrev i eit av saumfaga. Erfaring kan kompensere for manglande utdanning 
  • Erfaring frå teater er ein fordel 
  • Innsikt i gamle og nye teknikkar i kostymefaget samt grunnleggjande drakthistoriekunnskap 
  • Erfaring frå personalleiing er ein fordel 
  • Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel 
  • God økonomiforståing 
  • God datakunnskap og systemforståing 

 

 Personlege eigenskapar 

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og god på teambygging 
  • God på overordna planlegging og å sjå konsekvensar 
  • Sjølvstendig og løysingsorientert 
  • Interesse for kontinuerleg å vidareutvikle gode arbeidsprosessar 
  • Interesse for ny teknologi 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde 


Vi tilbyr  

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø  
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar  
  • Gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar 
  • Gunstig ferieordning  
  • Lønn etter tariff 

Arbeidstid er 37,5 timarsveke. hovudsakleg på dagtid i vekedagane, men du kan rekne med arbeid på kveld og i helg.  

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår, til å søkje.  

Søknadsfrist 28. februar 2023. 

Spørsmål om stillinga kan rettast til verkstadleiar Christina Macé Stensrud / 952 92 156  

eller avdelingsleiar for kostymeavdelinga Anette Hellenes/ 905 876 51

Om arbeidsgiveren

Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret er nynorskteateret i hovudstaden og blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Vi har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser framsyningane våre kvart år. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå.

Sektor
Privat
Lederkategori
Fagleder
Sted
Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

kostyme, søm, teater

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anette Hellenes
Stillingstittel
Avdelingsleiar for kostymeavdelinga
Mobil
90 58 76 51
Følg firma
573 følger dette firmaet

Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 290451699
Sist endret 20. mar. 2023 11:20

Rapporter annonse