Utløpt

Er du interessert i leiing og toppidrett?

Arbeidsgiver
Agder fylkeskommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar/Dagleg leiar
Frist
05.03.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med AGDER FYLKESKOMMUNE

Vil du være med å lede arbeidet med å utvikle skolen videre til det beste for Agder og lokalmiljøet?

Vi søker ein avdelingsleiar/dagleg leiar som vil leie ein unik utdanningsstad som kombinerer vidaregåande opplæring med toppidrettssatsing innan skisport og friluftsliv. Vi ønsker at vår nye avdelingsleiar/daglege leiar vil engasjere seg i skulen sine visjonar som er: Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald og Sammen mot drømmen, og som vil bruke sin kompetanse og eigenskapar til å utvikle satsingsområda; samhandling, miljø og rekruttering.

Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hovden, har studiespesialiserande utdanningstilbod. Som programfag tilbyr skulen mellom anna fjellsport, langrenn og freeski/snowboard. Desse tre programfaga frå idrett, blir gjennomført av Hovden skigymnas. Langrenn og freeski/snowboard er landslinjetilbod. I tillegg gjev vi eit treningstilbod på fritida for elevane/utøvarane. Dei fleste elevane bur på hybelbygg. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader og har 18 tilsette og ca. 65 elevar.

Arbeidsoppgåver

  • Nærmaste leiar for lærarar, trenarar og merkantilt tilsette.
  • Skuleårsplanlegging og trenings-/konkurranseplanlegging sett i samanheng.
  • Ansvar for oppfølging av klasser og elevar.
  • Bidra i skulen sitt faglege utviklingsarbeid og ivareta læringsmiljø og læringsresultat.
  • Skape gode rammer for samarbeidspartnere og eksterne aktørar. 
  • Økonomistyring.
  • Overordna ansvar for hybelbygg og bilpark.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på fagskule- eller universitetsnivå tilsvarande undervisningskompetanse på vidaregåande skule, bestått praktisk pedagogisk utdanning.
  • Leiarerfaring, fortrinnsvis frå vidaregåande skule.
  • Erfaring frå arbeid med budsjett og økonomi.
  • Undervisningserfaring og erfaring med administrativt arbeid er ønskeleg.
  • IKT-kunnskapar. Ønskeleg med erfaring frå fagsystema i skulen som til dømes Visma in School.
  • Politiattest før signering av arbeidsavtale.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å inspirere og skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø for elevar og tilsette.
  • Evne til å motivere og vere tydeleg på mål og retning i eit breitt fagmiljø.
  • Er Innovativ og framtidsretta.
  • Er initiativrik, har pågangsmot og god gjennomføringsevne.
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.

Vi tilbyr

  • Inkluderande og triveleg arbeidsplass med gode kollegaer, fagleg og sosialt.
  • Ei interessant og utfordrande stilling med mogelegheiter for å tenkje nytt.
  • Løn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikla regionen vår saman med dyktige og engasjerte kollegaer! Viss du brenn for å gjera Agder til ein endå betre stad å leva, kan Agder fylkeskommune vera arbeidsgivaren for deg. Samfunnsoppdraget kan oppsummerast gjennom hovudmålet i Regionplan Agder 2030 om å utvikla Agder til ein miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig region i 2030 - eit attraktivt lågutsleppssamfunn med gode levekår. I Agder fylkeskommune er eit tillitsbasert medarbeidarskap og meistringsorientert leiing grunnleggjande for korleis me løyser samfunnsoppdraget.


Fylkeskommunen er det regionale forvaltingsorganet som blir styrt av det folkevalde fylkestinget. Agder fylkeskommune har over 3 000 kompetente tilsette som arbeider med vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, tannhelse, samferdsel, fylkesvegar, kollektivtransport, kultur og ei rekkje andre fagfelt innan regionale utviklingsområde.


Agder fylkeskommune er oppteken av eit inkluderande arbeidsliv og av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i samfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.


Agder fylkeskommune praktiserer meiroffentlegheit, jf. offentleglova § 11. Offentleg søkjarliste vil normalt innehalda namn på alle søkjarane. Det må finnast særskilde omstende for å få innvilga unntak, jf. offentleglova § 25. Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell behandling, gjer me merksam på følgjande: Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjar vil då få tilsendt informasjon om dette jamfør offentleglova § 25

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
4755 Hovden i Setesdal
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jens Petter Røed
Stillingstittel
Rektor/Virksomhetsleder
Telefon
46 93 74 01
Følg firma
697 følger dette firmaet

4755 Hovden i Setesdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 289988340
Sist endret 23. feb. 2023 10:54

Rapporter annonse