Utløpt

Er du opptatt av barns beste og blir motivert av å jobbe i eit felt med endring??

Arbeidsgiver
Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste
Stillingstittel
Kontaktperson 100 % fast stilling i HAFS Barnevernteneste
Frist
26.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Har du kompetanse innan barnevern, sosialt arbeid eller anna arbeid med barn og unge? Då håpar vi du les vidare.

Vi har ledig ei 100% fast stilling i barneverntenesta vår. HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har 10 tilsette med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord. Tenesta arbeider etter generalistmodellen, der tilsette arbeider med alle delar av barnevernsfaget, både sakshandsaming, vurdering og tiltaksarbeid etter barnevernslova. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr ein del reiseverksemd i arbeidet. 

Som kontaktperson i barneverntenesta vil du få ein kvardag med mykje variasjon. Du vil få interessante og faglege utfordringar knytt til rettleiing, sakshandsaming og delta i ulike møte med kontaktpersonar og familiar. Moglegheit for kurs og utdanning innan rettleiingsteknikkar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø saman med flotte kollegaer som har mykje spanande kompetanse og som har eit stort engasjement for barn og familiar.

Vi er ei avdeling som er opptatt av fagleg utvikling, og gode drøftingar er det alltid rom for og ønskje om. Vi er opptatt av å sjå barnet i ein heilhetleg kontekst, og å etablere gode lag rundt barnet og familien. Vi er ein kreativ og løysningsorientert gjeng som er opptatt av inkludering og ivaretaking av både kvarandre og dei vi har valt å jobbe for. 

Du må gjerne ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga eller vil ha utfyllande informasjon om arbeidsoppgåvene våre. Vi ser fram til å høyre frå deg. 

Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming etter barnevernslova 
  • Systematisk arbeid med meldingar, undersøkingar og tiltak
  • Fosterheimsoppfølging
  • Samarbeid med andre instansar
  • Direkte tiltaksarbeid med born og foreldre
  • Arbeid med akutte situasjonar/kriser
  • Oppfølging av oppdragstakarar i tiltak
  • Arbeid på ettermiddag/kveld ein gong per veke må påreknast
  • Deltaking i vaktordning kan bli aktuelt
Kvalifikasjonar
  • Utdanning som barnevernpedagog/sosionom
  • Anna relevant tilleggsutdanning
  • Rettleiingskompetanse
  • Førarkort klasse B
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Godkjend politi- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding
  • Personleg eigna til stillinga
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
Vi tilbyr
  • Konkurransedyktig løn etter lokal avtale
  • 50 000,- alltid på topp tillegg
  • Moglegheit for kurs og utdanning innan rettleiingsteknikkar
  • Gode pensjonsordningar
  • Rabatterte forsikringar i KLP

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Om arbeidsgiveren

HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har ei bemanning på 6 fagstillingar og 2,5 tiltaksstilling med kontorstad i Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Barnevernspedagog

Nøkkelord

helse, barnevern, barenvernspedagog, kontaktperson

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Valvik
Telefon
95 16 73 33
Følg firma
5 følger dette firmaet

Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 289959566
Sist endret 6. feb. 2023 11:42

Rapporter annonse