Utløpt

Er du vår nye medarbeidar?

Arbeidsgiver
Fjaler kommune - Fjaler sjukeheim
Stillingstittel
Sjukepleiar på Fjaler sjukeheim - 100 % fast stilling
Frist
26.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Vi har for tida ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar. Som tilsett hos oss vil du ta del i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg i årsturnus. Det er ynskjeleg at du er fleksibel og kan jobbe ved fleire av avdelingane på sjukeheimen.  Vi er interessert i å gje gode tenester til dei som treng det mest. Vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring. Vi søkjer no etter deg som har interesse for å arbeide innan eldreomsorga, som er opptatt av fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ynskjer å bidra til at våre bebuarar har eit godt liv her på sjukeheimen.

 Fjaler sjukeheim har totalt 36 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplassar, 8 plasser på skjerma eining og 15 plasser på korttid/rehabiliteringsavdeling. Tilsynslege er tilknytt sjukeheimen med legevisitt. Vi har og tverrfagleg samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta som ligg i same bygg.

Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør.

Det er nyleg oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

 

Arbeidsoppgåver
  • Delta i det daglege arbeidet og bidra til at oppgåvene blir utført på ein smidig og god måte
  • Sikre at det blir utført fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Jobbe kunnskapsbasert
  • Jobbe for auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein god rollemodell
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan demensomsorg og geriatri
  • Sjukepleiarstudentar som er ferdig innan august 2024 kan og søke på stillinga
  • Den som blir tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
  • Engasjement for eldreomsorg
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst
  • God på kommunikasjon
  • Løysingsorientert
  • Godt humør
  • Fleksibel

Det blir vektlagt om ein er personleg egna for stillinga.

Vi tilbyr
  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Fadderordning
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • 20 000,- alltid på topp tillegg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Fjaler kommune har om lag 2800 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.

Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.

UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Dalsvegen 81, 6963 Dale i Sunnfjord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg,
Helsepersonell,
Sykepleier

Nøkkelord

sykepleier, sjukepleiar, sykehjem, helse, sjukeheim

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Evy Solheim
Telefon
57 73 81 47
Følg firma
5 følger dette firmaet

Dalsvegen 81, 6963 Dale i Sunnfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 289875221
Sist endret 3. feb. 2023 13:56

Rapporter annonse