Utløpt

Vil du vere med og vidareutvikle Miljøtenesta i Fjaler?

Arbeidsgiver
Fjaler kommune - Helse og omsorg
Stillingstittel
Leiar for Miljøtenesta 100% fast stilling
Frist
26.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer etter ein engasjert og motivert leiar for miljøtenesta. Vi ser etter deg som har leiarerfaring, gjerne med helse eller pedagogisk utdanning. Vi ønskjer deg som har kompetanse på økonomistyring og personalansvar, og som er klar for nye og spanande oppgåver.

Hos oss får du vere med på å vidareutvikle det eksisterande tilbodet og ta tenestene inn i framtida, med ny teknologi og endra behov hos innbyggjarane. Du vil få ansvar for å leie dyktige tilsette slik at brukarane får helsefremjande, rehabiliterande, førebyggjande og lindrande omsorgsfagleg bistand ut frå dei ressursane som er tilgjengelege. Samtidig vil du ha ei viktig rolle som tilretteleggjar for eit godt og utviklande arbeidsmiljø i eininga. 

Leiar i miljøtenesta vil vere ein del av kommunalsjefen si leiargruppe, og samarbeide tett spesielt med teamleiarar for miljøtenesta og dei andre tenesteområda innan helse og omsorg, og med andre einingar i kommunen. 

Arbeidsoppgåver
  • Videreutvikle tenestene til det beste for innbyggjarane  
  • Ansvar for kvalitetssikring, internkontroll og arbeid ved tilsyn m.m. i samsvar med forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesten
  • Arbeide for å gjennomføre vedtekne planar
  • Økonomiansvar og rapportering
  • Personalleiing
  • Turnusplanlegging og -tilrettelegging saman med teamleiarar
Kvalifikasjonar
  • Minimum 3-årig høgre utdanning innan leiing, økonomi, personal, helse, sosial eller pedagogikk.
  • Erfaring med leiing er ein føremon
  • Gode IKT - kunnskapar
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
  • Tydeleg
  • Handlekraftig
  • Lojal
  • Relasjonsbyggjande og inkluderande
  • Strukturert
Vi tilbyr
  • Konkurransedyktig løn
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Ein meiningsfull arbeidskvardag saman med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Om arbeidsgiveren

Miljøtenesta yter heildøgns tenester til menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne, og omfattar tenester til barn og unge, tenester i eigen heim og i bufellesskap, samt dagtilbod på Vevang Dagsenter.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Ledelse,
Sykepleier

Nøkkelord

helse, leder, fagleder, miljøteneste, utviklingshemmet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Valvik
Telefon
57 73 81 29
Følg firma
5 følger dette firmaet

Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 289874024
Sist endret 1. feb. 2023 15:36

Rapporter annonse