Utløpt

Hardanger Fjordfrukt søkjer dagleg leiar

Arbeidsgiver
Hardanger Fjordfrukt SA
Stillingstittel
Daglig Leder
Frist
01.03.2023
Ansettelsesform
Fast

Hardanger Fjordfrukt SA er eit av dei største og beste fruktpakkeria i Noreg. Me opna i juli 2004 og held til på Utne. Her kvalitetssjekkar, lagrar, sorterer, pakkar og sel me kvalitetsfrukt til Gartnerhallen/ Bama, Frukthagen Hardanger, Tine og lokale most og siderprodusentar. Pakkeriet har 4 fast tilsette i tillegg til 30 sesongarbeidarar.

 

Frukt- og grøntnæringa er i vekst og med dei siste investeringane på fruktlageret i kjølerom med ULO (Ultra Low Oxygen), auka kjølekapasitet, ny sorteringsmaskin for plommer/moreller og nytt emballasjelager er me godt rusta for framtida.

 

Det unike landskapet i Hardanger i samspel med dyktige produsentar og det siste av teknologi gjer arbeidskvardagen på Utne spanande, givande og utfordrande – er du klar for å vere med å levere norsk frukt i verdsklasse?  

 

 

Me søkjer dagleg leiar

 

Hardanger Fjordfrukt SA er eigd av 150 driftige fruktbønder som dei siste åra har investert 40 millionar i utviding og modernisering av pakkeriet. Siste byggetrinn skal være ferdig innan 1. juli 2023. Lageret blir eit av dei mest moderne pakkeria i landet. Hardanger Fjordfrukt vart for nokre år sidan kåra til beste leverandør av Bama.

 

Me søkjer ein dagleg leiar som kan vera med å utvikla Hardanger Fjordfrukt.

 

Vår nye daglege leiar må vera kontaktskapande og evna å arbeida strukturert og målretta. Hovudarbeidsoppgåva vil vera å levera optimalt marknadstilpassa produkt til våre kundar i nært samarbeid med engasjerte medarbeidarar og eigarar. Saman skal me lyfta produkta våre opp og fram.

 

Hovudarbeidsoppgåver

Leiing og drift av verksemda som mellom anna inneber

·        Utvikling av verksemda til beste for kundar og eigarar

·        Personalansvar for tilsette

·        Økonomistyring

·        Oppfølging av forskrifter og krav til verksemda, særleg innan helse miljø og sikkerheit (HMS)

·        Tilrettelegging for styret sitt arbeid og iverksetting av vedtak

 

 

Kvalifikasjonar

·        Høgare utdanning, men relevant praksis kan kompensera for utdanning

·        Leiarerfaring

·        Serviceinnstilling, samarbeidsevne og evne til å oppnå resultat

·        Marknadsorientert

 

 

Personlege eigenskapar

·        Gode evner og haldningar knytt til leiing, samarbeid og deling av kunnskap

·        Resultatorientert og engasjert med evne til å ta avgjerder 

·        Evne til å etablera gode relasjonar

·        Stor arbeidskapasitet og stresstoleranse

·        Serviceinnstilt

 

Me tilbyr

·        Spanande og varierte oppgåver i eit fagområde i rask utvikling og med raske skifte

·        Liten og dynamisk organisasjon med korte avgjerdsliner

·        Engasjerte medarbeidarar og eigarar som er med og lyfter verksemda opp og fram

 

Søkjarar må kunna skriva og snakke godt norsk og kunna uttrykkja seg godt på engelsk.

 

Søknad

Søknad med CV og kopi av vitnemål kan sendast til styreleiar Kjetil Lerfall.

 

Søknadsfrist: snarast innan 01.03.2022    

 

Kontaktperson

Styreleiar Kjetil Lerfall, tlf. 976 87 508

Nestleiar Torgils Jåstad, tlf. 905 91 537

Om arbeidsgiveren

Hardanger Fjordfrukt SA er eit av dei største og beste fruktpakkeria i Noreg. Me opna i juli 2004 og held til på Utne. Her kvalitetssjekkar, lagrar, sorterer, pakkar og sel me kvalitetsfrukt til Gartnerhallen/ Bama, Frukthagen Hardanger, Tine og lokale most og siderprodusentar. Pakkeriet har 4 fast tilsette i tillegg til 30 sesongarbeidarar.



Frukt- og grøntnæringa er i vekst og med dei siste investeringane på fruktlageret i kjølerom med ULO (Ultra Low Oxygen), auka kjølekapasitet, ny sorteringsmaskin for plommer/moreller og nytt emballasjelager er me godt rusta for framtida.

Det unike landskapet i Hardanger i samspel med dyktige produsentar og det siste av teknologi gjer arbeidskvardagen på Utne spanande, givande og utfordrande – er du klar for å vere med å levere norsk frukt i verdsklasse?

Nettverk
Facebook
Sektor
Samvirke
Lederkategori
Leder
Sted
Fjordavegen 4262, 5778 Utne
Bransje
Jordbruk og skogbruk
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon
Arbeidsspråk
Norsk,
Engelsk

Nøkkelord

leder, ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjetil Lerfall
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
97 68 75 08
Kontaktperson
Torgils Jåstad
Stillingstittel
Nestleiar styret
Mobil
90 59 15 37
Følg firma
10 følger dette firmaet

Fjordavegen 4262, 5778 Utne

Annonseinformasjon

FINN-kode 289742262
Sist endret 14. mar. 2023 14:48

Rapporter annonse