Utløpt

Avdelingsdirektør innland

Arbeidsgiver
Skatteetaten
Stillingstittel
Avdelingsdirektør innland
Frist
21.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Skatteetaten

Vi søkjer etter deg som har pågangsmot, initiativ og godt humør. Du triggast av å tenkje heilskapleg og strategisk, men har alltid brukaren i fokus. Du brenn for å videreutvikle og digitalisere organisasjonen i tråd med samfunnsutviklinga. Er dette deg?

Avdeling Innland har ansvar for produksjonen knytt til heile skatte- og avgiftsmanntalet, med unntak av skatt knytt til utland og storbedrift. Avdelinga har ansvar for å leggje til rette for og følgje opp eigenfastsetjing, og å setje i verk myndigheitsfastsetjingar. Ansvarsområdet omfattar også utvida kontrollar, saks- og klagehandsaming, fagleg styring og utvikling av regelverk innanfor fagområda til avdelinga.

I avdelinga jobber det omtrent 1200 medarbeidarar i seks seksjonar,  og du skal leie seks dyktige seksjonssjefar. Den nærmaste leiaren din er divisjonsdirektøren og du vil vere ein del av divisjonsleiinga. I leiargruppa vil du få mogelegheit til å bidra til å fornye og modernisere fagområda til avdelinga. 

I etaten vår får du jobbe saman med nokre av dei beste på fagfeltet ditt. Du får også samarbeide med kollegaer frå andre fagområde, og du får høve til å utvikle deg. Leiarane våre ønskjer å bruke tid på leiing og å utvikle seg som leiar. Skatteetaten sine verdiar er profesjonell, imøtekommande og nytenkjande. Vi ønskjer at du identifiserer deg med verdiane våre. 

Stillinga vil ha kontorstad i Bergen eller Stavanger.

Arbeidsoppgåver

  • vidareutvikle ei framtidsretta avdeling
  • vere ein del av divisjonen si toppleiargruppe og aktivt bidra til strategisk utvikling
  • ta aktiv del i forretningsutvikling og modernisering av innlandsområdet
  • leie og organisere arbeidet i avdelinga i tråd med strategiane til Skatteetaten og Brukerdialog 
  • gjennomføre vedtekne strategiar og handlingsplanar innan ansvarsområdet
  • byggje ein felles kultur i avdelinga
  • jobbe systematisk med bemanning, kompetansestyring og utvikling av oppgaveløsningen
  • byggje og vidareutvikle relasjonar til andre einingar i etaten og eksterne samarbeidspartnarar
  • vere ein pådrivar for kontinuerleg forbetrings- og effektiviseringsarbeid
  • ha personalansvar for seks seksjonssjefar                          

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning på masternivå, gjerne innanfor samfunnsvitskapelege, økonomiske og/eller juridiske fag. Utdanning frå utlandet må vere NOKUT-godkjend
  • brei leiarerfaring med dokumenterbare resultat
  • erfaring frå ein stor og kompleks organisasjon, gjerne i offentleg forvaltning, som har vore gjennom større endringar
  • erfaring med å leie i endrings- og omstillingsprosessar
  • forståing for samfunnsutviklinga og behova til brukarane
  • god organisatorisk og forretningsmessig forståing
  • det er ein fordel med relevant kunnskap om ein eller fleire av fagområda til avdelinga                  

Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.  

Personlege eigenskapar

  • du likar å sjå det store bildet og set deg raskt inn i nye problemstillingar
  • du er utviklingsorientert, tek initiativ og har stor gjennomføringsevne
  • du er opptatt av å oppnå resultat og levere arbeid av høg kvalitet
  • du er sjølvstendig og strukturert, og trivs i ein hektisk og variert arbeidskvardag
  • du samhandlar godt med andre og tenkjer at relasjonsbyggjing er viktig
  • du er nyskapande og løysingsorientert               

Vi tilbyr

  • høve til å jobbe med samfunnsaktuelle saker
  • utfordrande oppgåver og eit godt og stort fagmiljø
  • kompetanseutvikling
  • fleksitid og trening i arbeidstida
  • ein raus personalpolitikk
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av Noregs beste pensjonsordningar           

Vi veit at mange ynskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimefrå og møtast på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om delvis heimearbeid i samsvar med Skatteetaten sitt regelverk. 

Stillinga vert lønt som avdelingsdirektør (kode 1060) og frå kr 900 000 – 1 200 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn avtalast. Dei fyrste seks månadane vert rekna som prøvetid.

Dette bør du merke deg før du søkjer:

Vi ynsjer at du skriv ein god og beskrivande CV der du får fram kva du har gjort og oppnådd som gjer deg kvalifisert for stillinga du søkjer på. Du treng altså ikkje skrive eller leggje ved eit søknadsbrev.

Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Om du er aktuell for stillinga, vil vi tilby deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokon av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla du måtte ynskje for å finne bedre ut om vi er ein god match.

Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og fremferd. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn vil vi oppfordre deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hos oss. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi kaller alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.

Vel ein jobb der du får utfordra deg sjølv, ved å løyse utfordringar for andre. Vi sikrar finansiering av velferdssamfunnet ved å sørge for at alle bidreg med det dei skal. Vi gjer det på vegne av fellesskapet, fordi velferden er noko som kjem alle til gode. Tilliten folk har til oss er høg, og den jobbar vi kvar dag for å fortene. Vi består av eit direktorat, seks divisjonar som har landsdekkande ansvar, og viktigast av alt: litt over 7000 engasjerte ansatte som er stolte av arbeidsplassen sin. Vil du bli enda bedre kjent med oss og alt vi halder på med? Les meir på skatteetaten.no

Om arbeidsgiveren

I Skatteetaten får du jobbe saman med nokre av dei beste på ditt fagfelt, du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde og du får moglegheit til å utvikle deg. I Skatteetaten jobbar alle mot eit felles mål, å sikre finansieringa av velferdsstaten. Skatteetaten består av eit direktorat, seks divisjonar med landsdekkande ansvar og 6 500 ansette.


Divisjon brukerdialog har ansvar for alle Skatteetaten sine publikumstenester, som skattemelding, skatteoppgjer og skattekort. Divisjonen skal vere ein pådrivar i etaten sitt arbeid med å digitalisere, effektivisere og forenkle tenester for brukarane, og utvikle etatens dialog med brukarane. Divisjonen har rundt 2000 årsverk og er etatens største eining.


Vi vil at Skatteetaten sin arbeidsstyrke i størst mogleg grad skal gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønssammensetjing samt å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og nedsatt funksjonsevne. Vi oppfordrar spesielt personar med innvandrarbakgrunn og nedsatt funksjonsevne til å søkje. Som IA-bedrift vil vi leggje arbeidsforholda til rette.


Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknadskjema. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkjerlista, men du vil bli varsla viss ønskje om reservasjon ikkje vert tatt til følge.


Det gjeld særskilde reglar for bistilling og deltaking i næringsverksemd. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som følgjer av lovene, instruksane og reglementa som gjeld for stillinga.


 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Nonnesetergaten 4, 5015 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4010 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Ledelse, Skatt, Bergen, Stavanger, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marta Johanne Gjengedal
Stillingstittel
divisjonsdirektør
Telefon
95 81 16 72
Følg firma
4041 følger dette firmaet

Nonnesetergaten 4, 5015 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 289723675
Sist endret 31. jan. 2023 11:45

Rapporter annonse