Utløpt

Brenner du for god tannhelse?

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Seksjonsovertannpleiar
Frist
13.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Er du vår nye seksjonsovertannpleiar?

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for førebyggjande tannpleie, gerodontologi og samfunnsodontologi ved Klinikk for tannpleie, har vi ledig ei fast stilling som seksjonsovertannpleiar (100 %) med tilsetjing snarast.

Seksjonsovertannpleiar rapporterer til fagleg leiar av tannpleiarutdanninga og seksjonsleiar. Saman med leiarteamet vil du vere ansvarleg for at klinikken vert driven effektivt og på ein forsvarleg måte etter lovverk, etablerte strategiar, planar og tildelt budsjett.


Arbeidsoppgåver:

Du vil vere dagleg leiar for det kliniske arbeidet samt ha faglege oppgåver og undervisningsoppgåver ved Klinikk for tannpleie. Dette inneber:

  • Tilrettelegging for kompetanseutvikling og fagleg oppdatering av personalet i samarbeid med seksjonsleiar
  • Delegert personal- og HMS-ansvar
  • Arbeid som klinisk lærar; førebu og gjennomføre teoretisk og praktisk undervisning av studentar (undervisningsspråket er til vanleg norsk)
  • Rettleiing av studentar under arbeid med pasientar i klinikken

Det kan også vere aktuelt å leggja andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Norsk autorisasjon som tannpleiar
  • Omfattande relevant klinisk erfaring
  • Undervisningserfaring fortrinnsvis frå undervisning av tannpleiarstudentar
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

I tillegg ønskjer vi at du har pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring frå administrativ arbeid.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i vurderinga. Vi søkjer deg som:

  • Har gode leiareigenskapar
  • Kan arbeide sjølvstendig, men også i team
  • Er ansvarsmedviten og fleksibel

Vi kan tilby:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn er for tida 517.600 - 544.400 (kode 1032, lønssteg 56-59). For særleg kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Overtannpleiar Merethe Dyrøy, e-post: merethe.dyroy@uib.no eller klinikkleiar Neshe Lie, tlf.: 55 58 66 30 e-post: neshe.lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Årstadveien 19, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 289581598
Sist endret 3. feb. 2023 13:19

Rapporter annonse