Utløpt

Rektor på Gimle skule

Arbeidsgiver
Fyresdal kommune
Stillingstittel
Rektor
Frist
19.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med FYRESDAL KOMMUNE

Fyresdal kommune søker etter rektor i 100 % fast stilling frå 01.08.2023.

Er du vår nye rektor?

  • Ein spanande jobb i ei fin lita bygd
  • Ein triveleg skule i eit unikt nærområde
  • Vil DU vere med å vidareutvikle ein god læringsarena for barn og unge i Fyresdal?

Vi søker deg som ønsker å vere med på å utvikle arbeidsplassen og skulen for dei tilsette og for elevane våre. Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil jobbe på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse.

Gimle skule er ein 1-10-skule med ca. 160 elevar. I skulen sitt nærområde har vi tilgang på eit flott bibliotek, ny idrettshall, 25-meters symjebasseng og samfunnshus/kulturhus. Helsehus og barnehage er næraste naboar, og det trivelege sentrumet vårt er berre eit steinkast unna.

Arbeidsoppgåver som rektor:

  • Pedagogisk leiing
  • Vidareutvikle profesjonsfellesskapet gjennom inkludering og medverknad
  • Administrasjon og økonomi
  • Involvere og samhandle med elevar, foreldre og nærmiljø
  • Samarbeid innan oppvekstområde
  • Støtte og rettleie dei tilsette

Kvalifikasjonar:

  • Krav om pedagogisk utdanning på høgskule eller universitetsnivå
  • Krav om pedagogisk erfaring
  • Ynskjeleg med relevant leiarutdanning og leiarerfaring

Personlege eigenskapar:

  • Trygg, tydeleg og samlande
  • God relasjonsbyggar
  • Evne til å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomslagskraft

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Ein kommune med satsingsområde på barn og unge
  • Fine lokalitetar
  • Rask saksbehandling av søknad for tilbod i barnehage og skulefritidsordning 
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter

Kontaktperson ved spørsmål: 

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til fungerande rektor ved Gimle skule, Liv Johre-Bakke, på mobil 97 76 02 21.

Tilsettingsvilkår: 

Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest. 

Søknadsfrist: 

Søknadsfristen er 19.02.2023.

Velkomen som søkar! 

Vi intervjuar fortløpande.

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring.

Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Du finn mykje informasjon om den fine kommunen vår her: fyresdal.kommune.no. 

Om arbeidsgiveren

Kommunen sitt slagord er "Gjer draumen levande", og dette ser ein att i tilboda til både innbyggarar og tilsette. Saman er vi rause, respektfulle, omtenksame, inkluderande og stolte. Fyresdal er ein kommune i Vest-Telemark med omlag 1200 innbyggarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til innbyggarane våre.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

rektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Johre-Bakke
Stillingstittel
Fungerande rektor
Mobil
97 76 02 21
Følg firma
10 følger dette firmaet

Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 289232258
Sist endret 10. mar. 2023 15:36

Rapporter annonse