Utløpt

Seksjonsleiar utbygging

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Seksjonsleder
Frist
12.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å vere eit førebilete for korleis vi kan bygge framtidas berekraftige bygg. Kvart av prosjekta våre har eit høgt ambisjonsnivå med omsyn til klima og miljø, sosial berekraft og god prosjektøkonomi. Bygg- og eigedomstenestene har som ambisjon at kvart bygg vi sett opp skal vere litt betre enn førre gong. Dette betyr at vi heile tida må vere innovativ og modig i dei vala vi gjer, og at vi må kunne dokumentere resultatmåla vi sett oss.


Vi søker etter

Vi søker etter seksjonsleiar i 100 % fast stilling i avdeling for bygg og eigedomsutvikling. Avdelinga er delt i to seksjonar, utviklingsseksjonen og utbyggingsseksjonen, der du vil lede utbyggingsseksjonen som vil bestå av 6-8 prosjektleiarar.

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø innan prosjektleiing av byggeprosjekt og ønskjer å bidra til utvikling i næringa kan du vere rette personen for oss.


Du får jobbe med

Som seksjonsleiar utbygging vil då få ansvaret for gjennomføring av byggeprosjekt etter at dei er vedtekne. Du vil få personalansvar for prosjektleiarane som er knytt til utbyggingsseksjonen. Vidare har leiaren ansvaret for at prosjekta blir lagt fram for politisk handsaming og gjennomført i høve til politiske vedtak med rett kvalitet, til rett tid og innanfor løyvd kostnadsramme. Du vil også kunne fungere som prosjektleiar for enkelte prosjekt.

Til stillinga ligg også SHA-ansvar iht Byggherreforskrifta.


Vi søker deg som

  • har relevant høgare utdanning, til dømes sivilingeniør. Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
  • har relevant erfaring knytt til leiing av personell og prosjekt
  • arbeider systematisk og grundig
  • har gode samarbeidseigenskaper
  • har fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra ved behov
  • liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig
  • er utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
  • har god erfaring med bruk av digitale verktøy
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk


Vi vil også legge vekt på om du har god kompetanse innan eitt eller fleire av desse områda:

  • VDC
  • Ingeniørkompetanse på bestillernivå innan eitt eller fleire av faga: Brann, VVS, Bygg, Aut, EL, Energi
  • LCC
  • LCA
  • Kalkulasjon
  • Offentlege anskaffingar


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Stillinga er plassert i sentraladministrasjonen ved stab for bygg- og eigedomstenester, for tida med arbeidsstad i Molde.

Stab for bygg- og eigedomstenester i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 7, 6412 Molde
Bransje
Arkitektur, areal og interiør,
Bygg og anlegg,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ledelse,
Prosjektledelse

Nøkkelord

leder, byggeprosjekt, utbygging, sivilingeniør, offentlige anskaffelser

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Erik Hjellset
Stillingstittel
Avdelingssjef bygg- og eigedomsutvikling
Telefon
71 28 01 26
Mobil
90 51 90 07
Kontaktperson
Per Olaf Skuseth Brækkan
Stillingstittel
Bygg- og eigedomssjef
Telefon
71 28 02 27
Mobil
92 08 23 68
Følg firma
310 følger dette firmaet

Julsundvegen 7, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 289226966
Sist endret 10. mar. 2023 14:40

Rapporter annonse