Avdelingsdirektør i Seksjon for internasjonalt samarbeid og beredskap i Administrasjonsavdelinga (vikariat på 1 år)

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
Avdelingsdirektør i Seksjon for internasjonalt samarbeid og beredska
Frist
08.02.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET
Ønskjer du å arbeide hos oss i Helse- og omsorgsdepartementet?

Administrasjonsavdelinga har for tiden tre seksjonar som samla har ansvar for internasjonalt helsesamarbeid, tryggleik, beredskap, HR og interne fellesoppgåver.

Seksjon for internasjonalt samarbeid og beredskap samordnar oppgåvene departementet har innan internasjonalt arbeid, sikkerhet og beredskap herunder tilrettelegging av internasjonal reiseverksemd for politisk leiing. Seksjonen har om lag 15 kompetente og røynde medarbeidarar. Leiar av seksjonen inngår i leiargruppa i avdelinga. Reiseverksemd må påreknast.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

Nødvendige kvalifikasjonar: 

Du må ha:

  • relevant utdanning på masternivå
  • røynsle frå internasjonalt helsesamarbeid og beredskapsfeltet
  • gode kunnskapar om relevante internasjonale organisasjonar (NMR, EU/EØS og FN/WHO)
  • særs god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk

Du bør ha:

  • røynsle frå samhandling med norsk utanriks- og bistandsforvalting og gode kunnskapar om aktuelle utviklingspolitiske utfordringar
  • god digital dugleik og kunnskap om bruk av moderne samhandlingsverktøy

For stilling som avdelingsdirektør krev vi som hovudregel 10 år relevant erfaring.

Det vert stilt krav om tryggingsklarering tilsvarande Hemmeleg.

Personlege eigenskapar:

  • Tydeleg, trygg og samlande leiar
  • Evne til forvalting og vidareutvikling av det internasjonale helsesamarbeidet
  • Høg gjennomføringsevne som skapar resultat av høg kvalitet
  • Evne til operativ og strategisk tenking
  • Evne til å forankre avgjerder i organisasjonen
  • Er raus, samarbeids- og serviceorientert

Det vert lagt stor vekt på om du som person høver til stillinga.


Vi tilbyr
  • Spennande arbeidsområde med gode høve til utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Vi har 5 veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet (https://www.regjeringen.no/no/dep/hod/jobb-i-hod/jobbe-i-helse--og-omsorgsdepartementet/id2411858/)

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

kr 850 000 - 1 150 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.


Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


Vil du vite meir? 

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Ole T. Andersen på telefon 970 06 103.


Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  


Om arbeidsgiveren

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 250 tilsette.     

Les meir om oss på regjeringa.no.
 

 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Teatergsta 9, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Samfunnsviter,
Sikkerhet

Annonseinformasjon

FINN-kode 289001097
Sist endret 25. jan. 2023 13:55

Rapporter annonse