Avdelingsdirektør til HR-seksjonen i Administrasjonsavdelinga

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
HR-leder
Frist
15.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET
Ønskjer du å arbeide hos oss i Helse- og omsorgsdepartementet?

Administrasjonsavdelinga har ansvar for fellesoppgåver og koordinering, internasjonalt helsesamarbeid og helseberedskap, og skal bidra til at departementet arbeider i tråd med sentrale mål og retningslinjer for statsforvaltninga. Avdelinga består av seksjon for økonomi, dokumentasjon og IKT, seksjon for internasjonalt samarbeid og beredskap og seksjon for HR.

Vi søkjer ein tydeleg, strategisk og utviklingsorientert HR-leiar . Du vil få ansvar for leiing av HR-seksjonen med sju medarbeidarar, drift og utvikling av seksjonen sine arbeidsområde, vidareføring av eit godt samarbeid med departementets øvrige leiarar og tillitsvalte og bidra til positiv utvikling av departementet og tilsette sin kompetanse. Stillinga inngår i leiargruppa i administrasjonsavdelinga.


Arbeidsoppgåver
  • Forvalte og vidareutvikle departementet si lønns- og personalpolitikk
  • Vidareutvikle personaladministrative støttefunksjonar
  • Organisasjonsutvikling, leiar- og kompetanseutvikling, virksomhetsplanlegging, omstillingsprosessar og HMS
  • Arbeidsrett og saker i henhold til offentleglova, forvaltingslova, arbeidsmiljølova, statstilsettelova og vernebuing ved arbeidskonfliktar i sektoren
  • Lønsforhandlingar og kontakt med tenestemannsorganisasjonane   

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Nødvendige kvalifikasjonar: 

  • Relevant høgare utdanning på masternivå
  • Relevant juridisk kompetanse eller erfaring
  • Kjennskap til statleg verksemd og staten si lønns- og personalpolitikk
  • Leiarerfaring og erfaring frå HR-arbeid frå offentleg eller privat verksemd
  • God munnleg og skriftleg fremstillingsevne
  • Vi krev som hovudregel 10 års relevant arbeidserfaring for stilling som avdelingsdirektør.

Det blir stilt krav om tryggleiksklarering på nivå Hemmeleg.

Vi søkjer deg som:

  • er ein tydeleg og trygg leiar med god gjennomføringsevne som skaper resultat av høg kvalitet
  • er utviklingsorientert
  • har gode samarbeidsevner og evne til relasjonsbygging
  • har evne til å forankre beslutningar i organisasjonen
  • er strukturert, og har evne til operativ og strategisk tenking
  • er samarbeids- og serviceorientert
  • er initiativrik, fangar opp utviklingstendensar og er endringsorientert

Vi kjem til å leggja stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.


Vi tilbyr
  • Svært dyktige medarbeidarar og arbeidsområde med gode utviklingsmoglegheiter
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetanse og engasjement
  • Fem veker ferie, fleksitidsordning og gode velferdsordningar

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet (https://www.regjeringen.no/no/dep/hod/jobb-i-hod/jobbe-i-helse--og-omsorgsdepartementet/id2411858/)

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

Kr 850.000 - 1.150.000. avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.


Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


Vil du vite meir? 

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med ekspedisjonssjef Ole T. Andersen,

tlf. 970 06 103 


Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  


Om arbeidsgiveren

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 250 tilsette.     

Les meir om oss på regjeringa.no.
 

 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Teatergata 9, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
HR, personal og rekruttering,
Samfunnsviter

Annonseinformasjon

FINN-kode 288993023
Sist endret 25. jan. 2023 12:51

Rapporter annonse