Utløpt

Forskningssjef

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Forskningssjef
Frist
12.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Er du vår nye Forskingssjef ?

Har du lidenskap for forsking og innovasjon? Helse Møre og Romsdal har dei siste åra økt satsinga på forsking og innovasjon og er eit av dei største forskingsmiljøa i fylket. Vi har nesten 50 medarbeidarar med PhD, mange underveis og jobbar strategisk og målretta med å utvikle sterke forskningsgrupper som kan hevde seg nasjonalt og internasjonalt. Vi har skilt ut klinisk behandlingsforsking og forskingspost i egen seksjon og har derfor ledig stilling som forskingssjef med ansvar for mellom anna leiing av seksjon for forskning og innovasjon (SFI) i Helse Møre og Romsdal.

Vi søkjer ein tydeleg og nytenkande forskningssjef og leiar for seksjonen. Som forskingssjef vil du bygge på den eksisterande kompetansen i seksjonen, og videreutvikle forskinga innanfor HMR sine satsingsområde.

Innovasjonsevna internt er høg, og regionen er prega av sterk nyskaping på nasjonalt og internasjonalt nivå. Difor er strategisk utvikling av forsking og innovasjon i nært samarbeid med universitets- og høgskulesektoren, lokalt næringsliv og kommunehelsetenesta særs viktig.

Høsten 2023 starter NTNU desentralisert medisinarutdanning i Helse Møre og Romsdal med hovedsete ved Ålesund sykehus. Vi ønsker å byggje nærare relasjonar til NTNU og styrke forskningssamarbeidet, og du vil få en viktig rolle i det arbeidet 

Arbeidstad avtalast, vi kan og tilrettelegge for pendling, men ein må pårekne regelmessig oppmøte ved. adm. i Ålesund. Tilsetting kan skje etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • I tillegg til funksjonen som forskingssjef i helseforetaket, vil den som blir tilsett gå inn som leiar av Seksjon Forsking og Innovasjon
  • Du vil bidra til å bygge opp og styrke forskningsmiljø som kan bli leiande innan sine fagområder
  • Du styrkar våre moglegheiter for ekstern forskningsfinansiering fra nasjonale og internasjonale kilder
  • Vi vil tilretteleggje for bi-stilling ved NTNU og at forskningssjef skal drive aktiv forsking
  • Du bidreg inn i overordna råd og utval lokalt og regionalt
  • Du leiar forskings- og innovasjonsutvalet i føretaket
  • Du leiar DAC-gruppa (godkjenne og kvalitetssikre forskingsprosjekt i regi av føretaket).
  • Du er ein fagressurs for forsking i heile føretaket - både på stabs og klinikknivå
  • Du driv strategisk utvikling av forsking og innovasjon i nært samarbeid med regionale og lokale ressursar/organisasjonar – og då spesielt mot univesitets- og høgskulesektoren, lokalt næringsliv og kommunehelsetenesta
  • Du bidreg til strategisk utvikling av Fagavdelinga og føretaket
  • Ei viss reisemengde må påreknast
  • Den som blir tilsett i stillinga går inn i leiargruppa i Fagavdelinga og rapporterar til fagdirektør

Kvalifikasjonar

  • Høg akademisk kompetanse, gjerne på professornivå, minimum PhD
  • Helsefagleg bakgrunn, medisinsk kompetanse vert vektlagt
  • God kjennskap til spesialisthelsetenesta, kommunehelstenesta og universitet- og høgskulesektoren på ulike nivå er vesentleg
  • Formal og realkompetanse innan forskningsledelse vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du har gode engelskkunnskapar og beherske godt norsk språk, munnleg og skriftleg
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere og oppnå resultat gjennom andre
  • Du har god forståing for prosjektleiing, prosesstenking og det å jobbe strategisk
  • Du har stor arbeidsevne
  • Du har fleksibilitet og endringsvilje
  • Du må kunne jobbe proaktivt og strukturert, og vere handlekraftig og løysingsorientert
  • Du har evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Eit dynamisk miljø med mange krevjande og interessante utfordringar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren

Vil du
gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til
alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og
nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best
mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men
har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus
finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi
behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!


Vi ønsker
leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande
for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i
utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som
kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å
drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt.
Vi gir
deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling
gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med
dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?






Vi minner
om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei
slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til
følgje.


For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 




Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Åsehaugen, 6025 Ålesund
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Ledelse

Nøkkelord

forskning,, ledelse,, leiing,, sjef,, leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Solligård
Stillingstittel
Fagdirektør
Telefon
41 45 26 73
Følg firma
210 følger dette firmaet

Åsehaugen, 6025 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 288893683
Sist endret 26. jan. 2023 10:16

Rapporter annonse