Utløpt

Einingsleiar 100% fast - Skogsvåg barnehage

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Skogsvåg barnehage
Stillingstittel
Einingsleiar 100% fast - Skogsvåg barnehage
Frist
07.02.2023
Ansettelsesform
Fast

Skogsvåg barnehage er ein 5 avdelings barnehage med flott uteområde og gode turområdar. Vi er 75 barn og har tilsette i tilsaman 20,5 årsverk. Barnehagen er fleirkulturell, vi har både fleirspråklege barn og tilsette. Barnehagen har eit godt barnehagemiljø og språk som hovedfokus i arbeidet vårt. Vi er veldig glad i å være ute og bruke naturen som leik- og læringsarena. Vi har godt samarbeid med foreldre/føresette og kan tilby eit godt arbeidsmiljø med mykje smil og glede.

Vi søkjer etter ein strukturert, sjøvstendig og positiv kollega med gode samarbeidsevner.

Arbeidsoppgåver:

  • Som einingsleiar har du ansvar for all drift innan økonomi, personal og fag
  • Du har overorda strategisk og operativt ansvar for barnehagen, og skal planlegge drifta og gjennomføre dei måla som er sett
  • Nytte ulike program som Framsikt, Visma opptakssystem, Compilo, Ressursstyring med fleir
  • Nokre viktige verktøy i arbeidet er kommunens sin samfunnsplan, leiingskompasset og betre tverrfagleg innsats
  • Arbeide målretta for å sikre høg kvalitet på tenesta, ein god kultur og auka nærvær i eit helsefremmande arbeidsmiljø
  • Som einingsleiar arbeidar du tenesteinnovativt, ved å videreutvikle barnehagen som ein pedagogisk verksemd og som tenestestad i Øygarden kommune
  • Aktivt jobbe for brukarmedverknad, fagutvikling og fokus på tverrfagleg samarbeid
  • Sikra eit trygt og godt psykososialt miljø for alle i barnehagen

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar, eventuelt annan godkjent utdanning i tråd med barnehageloven §24
  • Leiarerfaring og erfaring frå barnehage

Ønskjeleg med:

  • Leiarutdanning
  • Relevant mastergrad innan fagområdet
  • God kunnskap om leiing, økonomi, personal og IKT

Vi ser etter deg som:

  • Har høg grad av relasjonskompetanse både opp mot foreldre, barn og tilsette
  • Er fleksibel og løysingsorientert og kan snu deg rundt på eit blunk
  • Kan arbeide sjølvstendig og i team, samt at du er ein person som har stor grad av relasjonelt mot
  • Ikkje er redd for å ta eit tak der det trengs, og du er ein leiar som har eigenskapar som motiverer og inspirerer i alle ledd
  • Er trygg på deg sjølv, men må samstundes være open for å utvikle og utfordre deg sjølv vidare
  • Har god struktur, er fleksibel, fagleg sterk og har eit ønskje om å bidra til å auke kvaliteten i tenestene våre

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.


Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Styrer

Nøkkelord

Styrar, Styrer, Barnehagestyrer, Barnehagestyrar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Heggestad
Telefon
91 71 55 63
Følg firma
323 følger dette firmaet

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 288879245
Sist endret 25. jan. 2023 15:01

Rapporter annonse