Utløpt

Seksjonsleiar reinhald

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Renholdsleder
Frist
07.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vil du vere med å utvikle reinhaldet i Møre og Romsdal fylkeskommune?

Vi har ledig 100% fast administrativ stilling som seksjonsleiar reinhald ved avdeling for bygg- og eigedomstenester og søker ein seksjonsleiar reinhald som skal bidra til utvikling av drifta vår. Vi søker deg som er ein drivande god organisator og administrator, og som er dyktig til å leie andre og kommunisere i eit mangfaldig miljø. Vi ønsker også at du har høgskoleutdanning.

Eigedomsmassen som fylkeskommunen disponerer er i hovudsak vidaregåande skolar med eit samla bruttoareal på om lag 215.000 m2. No er vi i gang med å endre organiseringa av reinhaldet av dei vidaregåande skolane, og frå august 2023 er alt reinhaldet lagt til bygg- og eigedomstenester. Som seksjonsleiar vil du bli sentral i denne omorganiseringa.

Reinhaldsseksjonen er i dag 10 medarbeidarar, frå august vil den vere ca. 90 medarbeidarar. Seksjonen vil bli delt inn i fire regionar, region Nordmøre, region Romsdal, region, Ålesund og Region Søre sunnmøre, med ein regionleiar reinhald i kvar region. Regionleiarane blir ein del av leiargruppa i reinhaldsseksjonen som du leier.


Du får jobbe med

  • å utvikle reinhaldsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune
  • å bygge opp reinhaldsseksjonen og gjennomføre omorganiseringa av reinhaldstenestene
  • å bidra til omstillingsprosessar og utvikling av bygg- og eigedomsdrift
  • oppgåver knytt til eigedomsforvaltning
  • fag- og resultatansvar for reinhald av eigde og leigde bygg.
  • anskaffingar av reinhaldstenester

Som seksjonsleiar reinhald rapporterer du til avdelingssjef for bygg- og eigedomsdrift.


Vi søker deg som

har relevant utdanning frå høgskole/universitet på minimum bachelor-nivå. Leiarkompetanse eller erfaring. Relevant og tilstrekkeleg erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Vi ønsker at du har erfaring frå offentleg eigedomsforvaltning, reinhald eller driftsleiing av større eigedomsmasse og personleg leiing i større offentlege organisasjonar.

I tillegg blir det lagt vekt på at du:

  • er ein lagspelar som likar å samarbeide, dele og inkludere
  • er god på å bygge relasjonar og motivere
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • har god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • er utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
  • har god erfaring med bruk av digitale verktøy


Vi tilbyr

  • ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på medarbeidarar for vekst og utvikling av best mogleg tenester
  • utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Reinhaldsseksjonen har desse måla:

  • Reinhaldsseksjonen skal bidra til god eigedomsforvaltning og å nå måla i eigedomsstrategien
  • Skape eit godt fagmiljø i reinhald som utviklar reinhaldsfaget i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi skal sikre god fagkompetanse, digitalisering og framtidsretta utvikling.
  • Sikre at ressursane blir brukt betre og at det er riktig økonomiske rammer til reinhald.
  • Reinhaldarane skal ha like rammetilhøve


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.


Om arbeidsgiveren

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 7, 6425 Molde
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Eiendom
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Prosjektledelse,
Renhold
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

eiendomsforvaltning, driftsledelse, eiendomsdrift, renhold, seksjonsleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Bente Klokk Svendsvik
Stillingstittel
Reinhaldssjef
Telefon
71 28 02 32
Mobil
91 13 15 46
Kontaktperson
Per Olaf Skuseth Brækkan
Stillingstittel
Bygg- og eigedomssjef
Telefon
71 28 02 27
Mobil
92 08 23 68
Følg firma
311 følger dette firmaet

Julsundvegen 7, 6425 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 288869529
Sist endret 7. mar. 2023 12:24

Rapporter annonse