Regionleiar Romsdal reinhald

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Renholdsleder
Frist
12.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vil du vere med å utvikle reinhaldet i Møre og Romsdal fylkeskommune?

Vi har ledig 100% fast administrativ stilling som regionleiar reinhald Romsdal ved reinhaldsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune. Er du god på organisering og administrering, og kan kommunisere tydeleg i eit mangfaldig miljø? Vi ser etter deg som er ein dyktig og tydeleg leiar, som vere ei drivkraft i arbeidet med å utvikle reinhaldet i organisasjonen vår.

Som regionleiar blir du ein del av leiargruppa i reinhaldsseksjonen, under avdeling for bygg- og eigedomsdrift i bygg- og eigedomstenester. Du vil få ansvar for reinhaldet ved Romsdal vgs, Molde vgs, Rauma vgs, Hustadvika vgs og Gjermundnes vgs. og bidra til å utvikle reinhaldet og reinhaldsseksjonen.

Vi er i gang med å endre organiseringa av reinhaldet, og frå august 2023 er alt reinhaldet i fylkeskommunen lagt til bygg- og eigedomstenester. Reinhaldsseksjonen er i dag 10 medarbeidarar, frå august vil den vere ca. 90 medarbeidarar. Vi vil då bli inndelt i fire regionar, region Nordmøre, region Romsdal, region Ålesund og Region Søre sunnmøre, med ein regionleiar reinhald i kvar region. Du vil bli ei viktig brikke i denne omorganiseringa.


Du får jobbe med

  • å utvikle region Romsdal i reinhaldsseksjonen
  • å bidra til å gjennomføre omorganiseringa av reinhaldstenestene
  • personalansvar for reinhaldarane i region Romsdal
  • å utarbeide og følge opp reinhaldsplanar og reinhaldsrutinar ved skolane i region Romsdal
  • å bidra til utvikling av reinhaldet og å nå måla til reinhaldsseksjonen.

Det må påreknast reise mellom skolane i regionen. I delar av stillinga vil du også jobbe med faglege oppgåver for heile reinhaldsseksjon.


Vi søker deg som

har relevant utdanning frå høgskole/universitet på minimum bachelor-nivå. Relevant og tilstrekkeleg erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

Det er ønskeleg at du har erfaring frå offentleg eigedomsforvaltning, reinhald eller driftsleiing. Vi ønsker også at du har leiarkompetanse og leiarerfaring.

I tillegg blir det lagt vekt på at du:

  • er ein lagspelar som likar å samarbeide, dele og inkludere
  • er god på å bygge relasjonar og motivere
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • har god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • er utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
  • har god erfaring med bruk av digitale verktøy


Vi tilbyr

  • ein arbeidsgivarpolitikk med satsing på medarbeidarar for vekst og utvikling av best mogleg tenester
  • utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Reinhaldsseksjonen har desse måla:

  • bidra til god eigedomsforvaltning og å nå måla i eigedomsstrategien
  • skape eit godt fagmiljø i reinhald som utviklar reinhaldsfaget i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi skal sikre godfagkompetanse, digitalisering og framtidsretta utvikling.
  • sikre at ressursane blir brukt betre og at det er riktig økonomiske rammer til reinhald.
  • reinhaldarane skal ha like rammetilhøve

Stillinga rapporterer til seksjonsleiar reinhald.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med ønska kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Du må ha førarkort i klasse B

Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.

Om arbeidsgiveren

Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.

Nettverk
Facebook LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 7, 6425 Molde
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Eiendom
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Prosjektledelse,
Renhold

Nøkkelord

eiendomsforvaltning, renhold, driftsledelse, eiendomsdrift, leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Bente Klokk Svendsvik
Stillingstittel
Reinhaldssjef
Telefon
71 28 02 32
Mobil
911 31 546
Kontaktperson
Per Olaf Skuseth Brækkan
Stillingstittel
Bygg- og eigedomssjef
Telefon
71 28 02 27
Mobil
920 82 368
Følg firma
247 følger dette firmaet

Julsundvegen 7, 6425 Molde

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 288770459
Sist endret 24. jan. 2023 12:16

Rapporter annonse