Utløpt

Har du erfaring fra IT-sikkerhet og utvikling?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune IT-avdelinga
Stillingstittel
IT leiar
Frist
02.02.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi treng ein dyktig leiar til ein fagleg utfordrande nøkkelposisjon med ansvar for IT-sikkerhet, drift og utvikling i Bjørnafjorden kommune.

Bjørnafjorden er ein kommune i vekst med kontinuerleg behov for å utvikle digitale tenesteleveranser. Som avdelingsleiar IT vil du få utfordrande og relevante oppgåver i høve implementering og videreutvikling av kommunen sin IT-strategi. Du vil få delegert personal og økonomiansvar for ei avdeling med 10 kompetente tilsette, i eit godt arbeidsmiljø. Stillinga er plassert i avdeling for HR og rapporterar til HR-sjef. Stillinga er en del av leiarteamet i HR avdelinga.  Som ny avdelingsleiar IT vil du ha ansvar for å leie og ta del i pågåande utviklingsprosjekt og saman med einingane finna effektive og framtidsretta IT- løysingar til det beste for innbyggjarar og tilsette i kommunen. 

I tråd med IT-strategi for Bjørnafjorden kommune har IT-avdelinga implementert stadig meir skybasert teknologi , inkludert Azure, Office 365 og SAAS-tenestar. Dette har gitt kommunen betre effektivitet og fleksibilitet i bruken av digitale verktøy og er eit pågåande arbeid som ny avdelingsleiar vil ta aktivt del i. IT-avdelinga har eit sterkt fokus på IT-sikkerhet og driftar ei rekke løysingar for å beskytta mot uønska tilgong og for å begrensa skadeomfang ved eventuelle sikkerheitsbrot.  

Bjørnafjorden kommune er i stadig utvikling og ser heile tida etter dei beste løysningane i tenesteleveransane. Vi ønskjer at våre leiarar er fleksible og jaktar på kontinuelege forbedringar. Dette inneber at du som leiar hos oss kan møte endringar i oppgåver på ein god måte og gå inn i nye ansvarsområder. 

Her kan du lese meir om Bjørnafjorden kommune:  Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no) 

Arbeidstad: 

Bjørnafjorden kommuner er ein langstrakt kommune med to adminstrative kontorstader, Rådhuset Osøyro og Kommunetunet Eikelandsosen. IT avdelinga har kontorarbeidsplassar på begge stader og avdelingsleiar arbeidar frå begge destinasjonar, med vekt på Rådhuset Osøyro. 

Ansvarsområder: 

  • Fagleg ansvar for IT-sikkerheit og effektiv dagleg drift av kommunen sine IT-system 
  • Ansvar for ulike utviklingsprosjekt i tett samarbeid med einingane 
  • Brukarstatistikk og kontinuerleg evaluering av etablerte verktøy med fokus på økonomi, effektivitet og verdiskaping  
  • Implementering av innovative og kostnadseffektive IT-løysingar i tråd med gjeldande strategiar og budsjett 
  • Fokus på digital kompetanseheving på tvers av einingar  
  • Vera oppdatert på IT som fagområde og ta del i nettverk spesielt relevant for kommunal sektor 
  • Sikra god internkontroll for informasjonssikring 
  • Personalansvar 
  • Økonomioppfølging og budsjettansvar 

 

 Kvalifikasjonar: 

  • Relevant utdanning på høgskule/masternivå 
  • Brei erfaring og kompetanse frå tilsvarande rolle i privat/offentleg virksomhet 
  • Brei erfaring knytta til IT-drift, skybaserte løysingar og IT sikkerhet 
  • Erfaring frå analyse og utarbeiding av bestillingsgrunnlag for innkjøp og systemimplementering i større virksomheiter  
  • Leiarerfaring / -utdanning med gode skussmål frå personalleiing 
  • Erfaring frå prosess- og kvalitetsarbeid 
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne.  

 

Utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjend. 

Vi søkjer deg som har/er 

  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og muntleg  
  • Ein lagspelar med gode relasjonsevner 
  • Løysingsorientert, fleksibel og kreativ 
  • Handlekraftig og resultatorientert  

 

 Vi legg vekt på personlege eigenskapar.Vi håper denne stillinga er attraktiv for deg, og vi kan tilby interessante oppgåver i eit sterkt kompetansemiljø med rom for fagleg og personelg vekst. Ta gjerne kontakt dersom du treng utfyllande informasjon.  

Vi tilbyr: 

  • Spennande utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • Fagleg og personleg utvikling 
  • Fleksibel arbeidstid  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Lønn etter avtale 

Nynorsk er administrasjonsspråket i kommunen. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Torggata 7, 5200 Os
Bransje
IT,
Annet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Annet,
IT utvikling / IT-sikkerhet

Nøkkelord

Avdelingsleder, IT, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingrid Kristin Askvik
Telefon
93 26 14 93
Følg firma
481 følger dette firmaet

Torggata 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 288746083
Sist endret 23. jan. 2023 11:36

Rapporter annonse