Utløpt

Er du ein erfaren leiar med strategisk og operativ forståing?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Brann og redning
Stillingstittel
Avdelingsleiar/innsatsleiar
Frist
31.01.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi søkjer avdelingsleiar for førebyggande avdeling som er strategisk, erfaren og har operativ forståing. Vi ønskjer oss ein systematisk leiar som legg til rette for samarbeid, og som deler både kunnskap, informasjon og ansvar med kollegaene sine.
Du vil ha ansvaret for at dei tilsette i avdelinga jobbar godt og effektivt saman. Det er derfor viktig at du er god til å lytte og kommuniserer klart og forståeleg, både munnleg og skriftleg.
Tilsette skal til ei kvar tid vere oppdaterte, slik at vi er førebudde på situasjonar som kan oppstå som følgje av samfunnsendringar og annan ytre påverknad.

Avdelingsleiar rapporterer til brannsjefen, og er del av brannsjefen si leiargruppe.
Stillinga har også eit operativt ansvarsområde som innsatsleiar i dreiande vakt kvar 4. veke. Dette inneber å leie den strategiske innsatsen med brannsjefens myndigheit.  

Bjørnafjorden brann og redning (BBR) er Bjørnafjorden kommune sitt brann- og redningskorps. Vi har om lag 60 tilsette og er delt inn i beredskapsavdeling og brannførebyggande avdeling.
BBR har tre brannstasjonar som ligg på Moberg, i Eikelandsosen og på Venjaneset. Vår oppgåve er å beskytte og redde liv, miljø og eigedom. 
Brannførebyggande avdeling har tre seksjonar innan bustadbrannsikkerheit, personsikkerheit og næringssikkerheit, med til saman 12 stillingsheimlar. Avdelinga sitt hovudmål er å redusere sannsynligheita for brann, og avgrense konsekvensane gjennom risikobasert førebyggande arbeid.

Arbeidsstad
Bjørnafjorden brann og redning, hovudkontor på Os brannstasjon på Moberg, rett ved E39.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing av avdelinga med personal-, økonomi- og resultatansvar.
  • Ansvar for at avdelinga er godt førebudd gjennom rutinar, målsettingar, langsiktige planar og strategiar.
  • Sikre løpande samarbeid med viktige samarbeidsaktørar i regionen.
  • Ansvar for god ressursforvaltning, kompetanseutvikling og fagleg utvikling i avdelinga.
  • Samordne og koordinere avdelinga sine oppgåver saman med andre avdelingsleiarar til det beste for brannvesenet og innbyggarane i regionen.
  • Ansvar for at avdelinga følgjer krav i gjeldande lov, forskrift og interne retningslinjer i det daglege arbeidet.
  • Sikre målretta og effektiv forvaltning av lovpålagte tenester.
  • Systematisk forbetrings- og sikkerheitsarbeid, slik at arbeidsoppgåvene følgjer krav i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, kvalifikasjonar som uttrykningsleiar heiltid eller minst to års erfaring som brannførebyggande personell.
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring.
  • Førarkort klasse B.
  • Utrykningskompetansebevis, kode 160. Om du ikkje har dette kompetansebeviset vil arbeidsgjevar legge til rette for denne tilleggskompetansen etter tilsetjing.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Erfaring frå brannførebyggande arbeid er ein fordel.

Vi gjer merksam på at det ligg føre forskriftsmessige krav til kompetanse.

Stillinga krev gyldig politiattest.

Eigenskapar

  • Proaktiv og tydeleg
  • God norsk munnleg og skriftleg fomidlingsevne
  • Nytenkande og utviklingsorientert
  • Løysingsorientert, trygg og med evne til å ta avgjerder
  • Strategisk med stor gjennomføringsevne
  • God med folk og trivst med personalansvar
  • Evne til å rettleie og motivere

Vi vil legge vekt personlege eigenskapar samt leiarerfaring.

Vi tilbyr 

  • Stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein kommune i utvikling, med godt omdøme og med mange dyktige medarbeidarar.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Lønn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads-eller arbeidskommune for kvar søkjar.
Vi kan gjere unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar, dersom vedkomande sjølv ber om det. Men opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om han eller ho har kryssa av for å bli unnateke. Søkjaren vil i så fall bli varsla om dette.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi Bank-ID i søknadsprosessen.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Mobergsbakken 111, 5200 Os
Bransje
Annet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Brannvern,
Ledelse,
Annet

Nøkkelord

leiar, brann, forebyggende, operativ, strategisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Brannsjef Espen Storum
Telefon
99 62 07 75
Kontaktperson
Leiar beredskap/varabrannsjef Erik Walden
Telefon
90 75 82 58
Følg firma
482 følger dette firmaet

Mobergsbakken 111, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 287219681
Sist endret 16. jan. 2023 12:46

Rapporter annonse