Utløpt

Finnås Kraftlag SA søkjer ny økonomisjef

Arbeidsgiver
Finnås Kraftlag SA
Stillingstittel
Økonomisjef
Frist
08.01.2023
Ansettelsesform
Fast

Oppgåvene relatert til økonomistyring og oppfølging har auka dei siste åra. Spesielt merka me dette etter at me vart organisert som eit konsern i 2020. For å spisse arbeidet vel me nå å splitte administrasjon og økonomiavdelinga i to separate avdelingar. Me søkjer difor etter ein dyktig, arbeidsam og servicevenleg person til å leie økonomiavdelinga. Avdelinga vil bestå av økonomisjef og to eigne tilsette rekneskapsførarar. Det vil framleis bli eit tett samarbeid mellom dei splitta avdelingane og nokre oppgåver vil bli løyst i på tvers av avdelingane.

Stillinga rapporterer til administrerande direktør og er ein del av leiargruppa i konsernet.

Arbeidsoppgåver:

  • Overordna ansvar for økonomi- og rekneskap i konsernet:

* Oppfølging av resultatutvikling og nøkkeltalsindikatorar.

* Økonomirapportering – både internt og eksternt

* Årsoppgjer

* Budsjett og prognosar

*  Rapportar og økonomiske analysar

*  Finansiering og likviditet

*  Prosjektoppfølging

*  Internavtalar

  • Ansvar for HR-funksjonen
  • Ansvar for Implementering av nytt ERP system (Xledger)
  • Aktiv deltakar i leiargruppa
  • Andre naturlege og førefallande administrative oppgåver tilhøyrande avdelinga

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Høgare økonomisk utdanning på bachelor- eller masternivå
  • God økonomiforståing og vilje til å sette seg inn i bransjerelatert regelverk
  • Gode IT- kunnskapar
  • Gode samarbeidsevne
  • Relevant arbeidserfaring
  • Løysingsorientert
  • Service er eit viktig ord hos Finnås Kraftlag. Me søker ein positiv og utadvent person som meistrar travle periodar med pågangsmot og godt humør.

 

Me kan tilby:

  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg oppdatering gjennom relevante kurs
  • Variert kvardag
  • Velferdshytte


Søknadane vil bli gjennomgått fortløpande, men utlysinga har søknadsfrist 8/1-2023.

Om arbeidsgiveren

Finnås Kraftlag SA er eit konsern med to heileigde dotterselskap, Finnås Kraftlag AS og Bømlo Kraftnett AS . Finnås Kraftlag AS er leverandør av breibandtenester, kraft, elbilldarar og solcellepanel, medan Bømlo Kraftnett er nettselskapet som eig og driftar straumnettet på Bømlo, med unnatak av Brandasund. Finnås Kraftlag SA er organisert som eit sameige og er eigd av innbyggjarar og bedrifter på Bømlo. Finnås Kraftlag SA leverer administrative tenester til dotterselskapa. Konsernet har til saman 34 dyktige tilsette. Me har nokre verdiar som me set høgt og som våre tilsette skal ha med seg i alt dei gjer. Desse verdiane er: Servicevennlege, dyktige, rettskafne og offensive

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Hollundsdalen 1, 5430 Bremnes
Bransje
Bank, finans og forsikring,
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Ledelse,
Økonomi og regnskap
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

regnskap, regnskapssjef, økonomisk rådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tor Bjarne Smedsrud
Stillingstittel
Administrerande direktør
Mobil
90 87 22 57
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Bente Steinsland
Stillingstittel
Økonomi og administrasjonssjef
Mobil
48 21 81 03
Følg firma
3 følger dette firmaet

Hollundsdalen 1, 5430 Bremnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 285130275
Sist endret 31. jan. 2023 20:00

Rapporter annonse