Utløpt

HR-direktør med strategisk rolle for heile Havilagruppa

Arbeidsgiver
Havila Service
Stillingstittel
HR-Direktør
Frist
31.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Havila Service søkjer ein HR-leiar som kan gå inn i ei strategisk rolle for heile Havilagruppa. Du blir viktig for utvikling av HR-strategi og handlingsplanar og du skal vere pådrivar for organisasjons- og leiarutvikling.

Havila Service er eit selskap som leverer tenester til fleire selskap i Havilagruppa innan område som løn, mannskaptenester, regnskap, IT, berekraft og innkjøp.

No utvidar vi til også levere tenester innan HR, og søkjer difor etter ein HR-direktør som kan kombinere ein hektisk kvardag og profesjonalitet samtidig som du har stor entusiasme og arbeidsglede.

Ansvarsområde og arbeidsoppgaver

  • Vere ein viktig bidragsytar for HR-strategi, målsettingar og handlingsplanar og utøve desse på tvers av selskap i Havilagruppa
  • Vere pådrivar for leiarutvikling, organisasjonsutvikling og kulturbygging
  • Sikre god kompetanse og effektiv organisering gjennom prosessar, rutinar, planar og system.
  • Ha overordna ansvar for at gjeldande lov og avtaleverk vert følgd
  • Sørge for langsiktig rekrutteringsarbeid og samarbeidet mellom skule/næringsliv
  • Koordinere rekruttering og HR-arbeid i tett samarbeid med selskapsleiarar og avdelingsleiarar
  • Gi leiarstøtte i personalarbeid og HR-relaterte spørsmål
  • Drive kompetansebygging
  • Oppdatere rutinar og stilingsinstruksar for kontortilsette
  • Vidareutvikle system og prosessar innan HR

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på masternivå
  • Seniorleiarerfaring frå HR
  • Gode kommunikasjons og samhandlingsevner
  • God kjennskap til relevante lov- og avtaleverk og ulike tariffområde.
  • Kunne bruke engelsk som arbeidsspråk både munnleg og skriftleg
  • Sterk systemkompetanse

Personlege eigenskapar

  • Evne til å utøve ein tydeleg leiarskap
  • Vere resultatorientert og ha god gjennomføringsevne
  • Vere sosial og omgjengeleg og ha gode samarbeidsevner
  • Evne til å involvere, motivere og utfordre medarbeidarar
  • Evne til å skape gode relasjonar på alle nivå i organisasjonen


Havilagruppa er i stadig utvikling og vi tilbyr ei attraktiv stilling med ei sentral rolle i konsernet sin HR-strategi framover.

Vi tilbyr ein trygg og solid arbeidsplass i eit triveleg arbeidsmiljø og eit konsern med gode framtidsutsikter. Arbeidsstad er på Havilahuset i Fosnavåg Næringspark, Mjølstadneset.

Konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Stillinga rapporterer til dagleg leiar i Havila Service AS, Hallvard Pettersen.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt på telefon 992 65 442

All kontakt om stillinga vert behandla konfidensielt.

Søk innan 31. desember 2022.


Om arbeidsgiveren

Havila Service er eit selskap som leverer tenester til fleire selskap i Havilagruppa innan område som løn, mannskaptenester, regnskap, IT, berekraft og innkjøp.
Havilagruppa er eit familieeigd konsern med solid forankring som gir mot til å vere nysgjerrige og risikovillege. Havila har til saman snart 2500 tilsette og aktivitet innan turisme, transport, offshore, skipsteknologi og eigedom. Hovudkontoret ligg i Fosnavåg Næringspark på Sunnmøre.

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
Mjølstadnesvegen 24, 6092 Fosnavåg
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Eiendom,
Maritim og offshore,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
HR, personal og rekruttering,
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

lederutvikling, lederstøtte, hr, organisasjonsutvikling, strategi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hallvard Pettersen
Stillingstittel
Dagleg leiar Havila Service
Mobil
99 26 54 42
Følg firma
37 følger dette firmaet

Mjølstadnesvegen 24, 6092 Fosnavåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 283486670
Sist endret 16. jan. 2023 11:40

Rapporter annonse