Utløpt

Er du ein av våre nye avdelingsleiarar på Luranetunet Bu og Behandlingssenter?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Stillingstittel
Avdelingsleiarar - Langtidsavdeling
Frist
14.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Brenn du for god leiing? Bankar ditt hjarte ekstra varmt for demensomsorga? Er du oppteken av systematisk og målretta utviklingsarbeid? Då vil vi gjerna snakka med DEG!

Vi har to ledige stillingar som avdelingsleiar på langtidsavdeling for personar med demens sjukdom.

Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet bu- og behandlingssenter. Vi rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og serviceavdelingar reinhald, vaskeri, kjøkken og teknisk. Luranetunet sin visjon er Varme og vekst i samspel . Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.

Avdelingane har langtidsplassar for personar med demens sjukdom. Personalgruppa er tverrfagleg samansett og har også ein assisterande avdelingsleiar. På Luranetunet har vi eigne sjukeheimslegar som er på huset kvar vekedag.

Arbeidsoppgåver:
- Du skal, saman med einingsleiar, vere med og utvikle tenestene, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering.
- Du skal saman med einingsleiar og ass.avd.leiar ha fagleg, økonomisk og administrativt ansvar.
- Du rapporterer til einingsleiar.
- Du vil være ein del av leiarteamet som skal sikre bærekraftige tenester.
- Du har ansvar for dagleg drift og arbeidsplanar.
- Du utøver personalansvar i tråd med retningslinjer og lovverk.
- Du rettleiar tilsette i faglege og etiske dilemma.
- Du utarbeidar, forvaltar og vidareutviklar gode system som sikrar at brukarane sine rettar vert teken i vare.
- Du medverkar til utvikling av gode tenester i Pleie- og omsorgstenestene i Bjørnafjorden kommune

Kvalifikasjonar:
- Du er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar. Har anna relevant utdanning og/eller erfaring kan du og bli vurdert.
- Har du leiarutdanning og vidareutdanning i geriatri eller anna relevant vidareutdanning er det ein fordel men ikkje eit krav.
- Har du leiarerfaring kan det erstatta manglande leiarutdanning.
- Har du god datakunnskap og kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Profil eller andre PLO system vil dette vera ein fordel.
- Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi gjer deg merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar:

Vi ønskjer deg som:
- Har brennande interesse for leiing og utvikling av tenestene.
- Skaper gode relasjonar.
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner.
- Liker og ha evne til å motivere og engasjere dine medarbeidarar og kollegaer.
- Har god forståing av vårt samfunnsoppdrag i kommunal eldreomsorg.
- Er tydeleg, arbeider målretta og har gjennomføringskraft.
- Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag.
- Er positiv, kreativ og løysningsorientert.
- Er raus, fleksibel og open for endringar og nye initiativ som kan skapa betre løysingar.

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å bidra.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

 

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Antall stillinger
2
Sted
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg,
Annet
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg,
Sykepleier,
Helsepersonell

Nøkkelord

leder, sykepleier, eldreomsorg, sykehjem, avdelingsleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Berit Karlsen
Telefon
90 20 21 64
Kontaktperson
Hilde Karin Storum
Telefon
97 67 07 17
Følg firma
483 følger dette firmaet

Solstrandsvegen 39, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 283160477
Sist endret 13. des. 2022 11:41

Rapporter annonse