Utløpt

Vidareutvikling av viktig tilsyn for arbeidslivet

Arbeidsgiver
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Stillingstittel
Direktør for Arbeidstilsynet
Frist
16.12.2022
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med AID! Velkommen til våre sider!
Vidareutvikling av viktig tilsyn for arbeidslivet

Arbeidstilsynet har ei viktig rolle i påverkinga av arbeidslivet. Vi søker ein synleg og utviklingsorientert leiar med evne til å vidareutvikle eit solid fagleg miljø og ein organisasjon som utfordrar og får respekt.

Arbeidstilsynet er oppteken av å vere eit synleg og utadretta tilsyn. Val av bransjar og tema for tilsyn må vere basert på ei vurdering av risiko og kor vesentleg det er og samstundes vere relevant for verksemdene sine utfordringar.

Vi søker ein leiar som skapar tillit, har høg integritet og som medverkar til ei systematisk og kunnskapsbasert arbeidsform. Den rette kandidaten har god kjennskap til samfunns- og arbeidsliv og har kompetanse og erfaring som gir legitimitet, både i verksemdene, hos ulike samarbeidsaktørar og i eigardepartementet. Du må vere trygg i leiarrolla og ha evne til å samle og motivere ein stor og spreidd organisasjon for utvikling mot felles mål.

Direktøren blir tilsett på åremål for ein periode på seks år. Lønn etter avtale.


Kontaktinformasjon

For meir informasjon om stillinga ta gjerne kontakt med ekspedisjonssjef Ragnhild Nordaas på tlf.  950 26 270 eller e-post: ran@aid.dep.no.


Om arbeidsgiveren

Arbeidstilsynet sitt hovudmål er å arbeide for eit seriøst, trygt og inkluderande arbeidsliv med trygge tilsettingsforhold og ein meiningsfylt arbeidssituasjon for den enkelte.

Gjennom tilsyn og rettleiing skal tilsynet påverke verksemdene slik at dei tar ansvaret sitt som arbeidsgivar og arbeider systematisk for forsvarlege arbeidsforhold. Arbeidstilsynet er ein aktiv deltakar i internasjonale forum.

Arbeidstilsynet er eit statleg tilsynsorgan underlagd Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Tilsynet har om lag 670 tilsette  og er organisert med eit direktorat og ein ytre etat med seks avdelingar. Sjå også www.arbeidstilsynet.no.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Prinsens gt. 1, 7013 Trondheim
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
879 følger dette firmaet

Prinsens gt. 1, 7013 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 282264435
Sist endret 9. des. 2022 12:44

Rapporter annonse