Utløpt

Seksjonsoverlege ved Øyane DPS

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsoverlege ved Øyane DPS, allmennpsykiatrisk poliklinikk
Frist
04.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi har ledig stilling som seksjonsoverlege ved allmennpsykiatrisk poliklinikk ved Øyane DPS, Tiltreding etter nærare avtale. Søkjarar som ønskjer vikariat eller redusert stilling vert også oppmoda til å søkje.

Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i bynære omgjevnadar om lag femten minuttars køyring frå Bergen sentrum.

Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 50 000 innbyggjarar over 18 år. Det er god kontakt med førstelina og kommunane er i rask vekst. Øyane DPS er aktiv i samhandling med kommunane.

Vi ønskjer å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ønskjer og moglege rammer. Vi anser det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel. Forsking knytt til stillinga kan bli tilrettelagd.

Øyane DPS består av:
*  Allmennpsykiatrisk poliklinikk, godkjend tenestestad for LIS3, med eige ambulant akutteam (AAT) og MBT team
*  Psykose døgnseksjon med 8 senger, poliklinikk med dagbehandlingstilbod godkjend som tenestestad for LIS3
*  Allmenn døgnseksjon har 8 senger og er godkjend som fordjupingsteneste og valfri teneste for LIS. Behandlargruppa består av seksjonsoverlege i 100%, som no er utlyst, psykologspesialist 100%, LIS1 og LIS3
* Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose. Teamet jobbar tverrfagleg og er satt saman av psykiater, psykologspesialist, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar, erfaringskonsulent, musikkterapeut og IPS jobbspesialist. 

Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientar
  • Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar
  • Medisinsk- og spesialistfagleg ansvar
  • Arbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå allmenn- og akuttpsykiatri
  • Noko erfaring frå rettleiing av LIS

Personlege eigenskapar

  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert, effektiv og sjølvstendig
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Eit spanande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskap
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver


Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Blombakkane 75, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Psykiater

Nøkkelord

overlege,, psykiater,, dps

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Pål Halle
Stillingstittel
Konstituert seksjonsleiar
Telefon
56 32 66 00
Kontaktperson
Liv Åse Dybdal
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
56 32 66 00
Følg firma
2234 følger dette firmaet

Blombakkane 75, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 280440430
Sist endret 14. nov. 2022 14:38

Rapporter annonse