Utløpt

Sentralbadet litteraturhus søker dagleg leiar

Arbeidsgiver
Stiftelsen Sentralbadet litteraturhus
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
04.12.2022
Ansettelsesform
Fast

Sentralbadet er snart ferdigrestaurert som moderne kulturhus midt i Odda, og vi søker etter dagleg leiar som kan utvikle drifta.  

Stiftinga har sidan 2011 bygd opp huset, i stor grad på dugnad, dei siste åra med løna stab. Etter 12 år med oppussing er det gamle garderobeanlegget på Smelteverket no eit velutstyrt hus over to etasjer, med fleire salar, kjøken, bar og kontor.

Som dagleg leiar vil du jobbe for å realisere våre formål og utvikle Sentralbadet vidare som regionalt kulturhus. Odda i Hardanger er ein liten by med stor vekst og store satsingar innan industri, reiseliv, mat og kultur. Vi er tett på mykje av det som skjer på kulturfeltet i indre Hardanger. Stiftinga har noko offentleg driftstilskot, men eigeninntening er viktig for å understøtte drifta. Potensialet er stort. 

Dagleg leiar får ansvar for å utvikle vårt eige program og innhald, i samarbeid med ein entustiastisk gjeng i stab, styre og venelag. I tillegg til eigne program og prosjekt, driv vi med utleige av lokale til seminar og møte, konsertar, private selskap og kulturarrangement. Du får jobbe tett på festivalane vi er arena og samarbeidspart med: Litteratursymposiet, Hardanger Internasjonale Siderfestival, Hardanger Spillfestival, Jernrosa m.fl.


Kvalifikasjonar

Dagleg leiar for Sentralbadet må vere allsidig, og ideelt ha eit breitt spekter av eigenskapar. Vi ynskjer ein dagleg leiar med erfaring innan administrasjon, som kjenner godt til kulturlivet generelt og litteraturfeltet spesielt, som har eit breitt nettverk, kan utvikle prosjekt og drive søknadsarbeid, og som samstundes er eit “arrangørhovud” som like gjerne er med og sjauar der det trengs.


Oppgåver

Drifte utleige av lokala

Vertskap

Økonomi- og personalansvar

Representere Sentralbadet overfor offentlegheita, bevilgande myndigheiter og samarbeidspartnarar

Planleggje og gjennomføre arrangement i lag med stab

Informasjonsarbeid

Søknadsarbeid

Utvikle bruken av dei nye lokala i 2. etasje 

 

Vi kan tilby

Eit godt arbeidsmiljø med entusiastisk stab og venelag med stor kjærleik for huset

Frihet til å forme stillinga og påverke retninga for utvikling 

Fagleg og personleg utvikling 

Stor tilgang til å delta på kulturelle opplevingar

Konkurransedyktig løn og pensjonsavtale

Inntil 100 % stilling


Innhald og omfang av stillinga kan diskuterast. 

Om arbeidsgiveren

Formålet til stiftinga er å formidle og stimulere til interesse for litteratur, lesing og offentlig ordskifte gjennom å etablere, eige og drive eit litteraturhus i Odda.

Stiftinga skal gjennom aktivitetar i Sentralbadet litteraturhus, som Litteratursymposium, seminar, debattar, opplesingskveldar, konsertar, utstillingar, skrivekurs, skulebesøk, leirskule og liknande, inspirera til auka interesse for norsk og utanlandsk skjønn- og faglitteratur.
Stiftinga skal gjennom litteraturhuset skape ein møteplass som skal fremma interesse
for litteratur og ordskifte, lokal industrihistorie, samt vere ein arena for alle kultur- og
kunstuttrykk.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Lederkategori
Leder
Sted
Smelteverket 113, 5750 Odda
Bransje
Event og arrangementer,
Kunst og kultur,
PR, informasjon og kommunikasjon
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Koordinering,
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

leder, kultur, arrangementer, frivillighet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingvild Ystanes
Stillingstittel
Styreleiar
Mobil
48 00 39 58
Følg firma
3 følger dette firmaet

Smelteverket 113, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 280434733
Sist endret 22. des. 2022 08:48

Rapporter annonse