Utløpt

Avdelingsleiar Hardanger

Arbeidsgiver
Norconsult
Stillingstittel
Avdelingsleder Kontor
Frist
05.12.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Norconsult Norge AS

Norconsult Hardanger og Voss har hatt ein flott vekst over fleire år, og me nærmar oss 50 tilsette. Desse er omlag likt fordelte mellom ei avdeling nord for Hardangerfjorden; Voss-Northeimsund, og ei avdeling sør for Hardangerfjorden; Hardanger. Me har no ledig ein attraktiv stilling som avdelingsleiar for vår Hardanger-avdeling. Avdelinga har kontor både i Odda, Rosendal og Eidfjord. Me ynskjer at den nye avdelingsleiaren skal ha kontorstad i Odda

Hardanger er ei tverrfagleg avdeling med hovudvekt innanfor faga; arkitektur, bygg/konstruksjon, geo-fag, plan/GIS, vatn/avløp, landmåling, scanning, samt byggje- og prosjektleiing.

Samarbeid på tvers av fagområde og mellom kontor, avdelingar og grupper internt i Norconsult vil vere ein vesentleg del av kvardagen. Stillinga inngår i Norconsult Hardanger og Voss si leiargruppe og rapporterer til leiar for Hardanger og Voss, Endre Lægreid.

Arbeidsoppgåver:

  • Strategi- og forretningsutvikling. Bidra i kontoret si leiargruppe

  • Bidra til vidare oppbygging og utvikling av avdelinga

  • Budsjett og resultatansvar for avdelinga

  • Kunde- og marknadskontakt

  • Tilbodsarbeid og tilbodsleiing

  • Personalansvar. Utvikle og ta vare på medarbeidarane, både med omsyn til kompetanse og kapasitet

  • Ressursstyring og rekruttering

  • Oppdragsleiing, fag- og disiplinansvar i oppdrag

  • Planlegging og prosjektering innanfor ditt fagområde

For oss er det viktig at du:

  • Har relevant utdanning innan eit av fagområda for avdelinga

  • Har erfaring frå fagleg arbeid i oppdrag

  • Har erfaring frå personalleiing, eller eit sterkt ynskje om å utvikle deg i ei leiarrolle

  • Har omsorg for medarbeidarar

  • Er flink til å formulere deg både muntleg og skriftleg

  • Er sjølvgåande, strukturert og likar å ta initiativ

  • Er motiverande, tillitsskapande og nytenkjande

  • Har gode kommunikasjonsevner, er løysingsorientert og er ein lagbyggjar

  • Er marknadsorientert, og har godt kontaktnett med kundar

  • Er ein rollemodell som etterleve bedriftskulturen vår i ord og handlingar


Som avdelingsleiar får du:

  • Leie ei fantastisk gruppe med dyktige fagfolk

  • Verta ein del av ein sterk bedriftskultur prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Delta i interne leiarutviklingsprogram/leiarforum

Innsendelse av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attester sendes via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjør oppmerksom på at det kun er elektroniske søknader som vil bli behandlet.

I Norconsult utvikler vi morgendagens samfunn ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har en helhetlig tilnærming med utgangspunkt i lokal tilstedeværelse og tverrfaglig kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med formålet Hver dag forbedrer vi hverdagen , søker vi stadig etter mer bærekraftige, effektive og samfunnsnyttige løsninger. Vi er et medarbeider-eid rådgiverselskap, og våre 5 100 medarbeidere er fordelt på rundt 130 kontorer, hovedsakelig i Norden. Hvert år løser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlige kunder, innen blant annet bygg og eiendom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vann og avløp, industri, sikkerhet, miljø og IT.

Om arbeidsgiveren

Gjennom nyskapende og målrettede råd har vi fokus på verdibasert samfunnsplanlegging, fremtidsrettede og bærekraftige løsninger. Årlig utføres over 20 000 oppdrag for offentlige og private kunder.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Eitrheimsvegen 10, 5750 Odda
Bransje
Kraft og energi,
Bygg og anlegg,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ledelse,
Kontor og administrasjon / OCCUPATION_COUNSELLING

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Endre Lægreid
Stillingstittel
Leder kontor
Telefon
95 75 88 06
Følg firma
1815 følger dette firmaet

Eitrheimsvegen 10, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 280330238
Sist endret 9. nov. 2022 09:31

Rapporter annonse